Hopp til innhold

Åtvarar mot livsfarleg feriefenomen

Kvar vinter ser Jernbaneverket og lokførarar skispor som kryssar togskjenene. – Det hender også at vi ser jernbanesporet bli brukt som skiløype, seier ein oppgitt informasjonssjef, Inge Hjertaas.

Person går ved togskinnene ved Finse stasjon.

LEIKAR MED LIVET: Ein person går langs togskjenene ved Finse stasjon.

Foto: Jon Himle/Jernbaneverket

Det nærmar seg vinterferie, og ein periode der folk valfartar til hytter og fjell. Ikkje minst for å nyte gode stunder på ski i fjellheimen.

Men på og ved togskjenene bør folk aller helst halde seg langt, langt vekke. Så sant det ikkje er lagt opp til kryssing.

– Det kan vere freistande både å krysse og kanskje bruke spora som løype, men det er livsfarleg og forbode, seier Inge Hjertaas, som er informasjonssjef i Jernbaneverket.

Leikar med livet

Det har vore fleire nestenulukker på Bergensbanen, men også i øvre del av Flåmsbana. I Finse-området, har det også vore dødsulukker.

Skiløpar har sett frå seg skia og kryssa togskinnene til fots ved Finse stasjon.

KRYSSAR: Skiløparar har sett frå seg skia og kryssa togskjenene til fots ved Finse stasjon.

Foto: Jon Himle/Jernbaneverket

For det viser seg at det for enkelte kan vere freistande å ta snarvegen over togskjenene.

– Sjølv om det stort sett går bra, så er dei psykisk påkjenning for lokføraren. Han veit ikkje korleis dette vil gå, og han har små sjansar til å stogge sjølv om han kastar seg på bremsa, seier Hjertaas.

– Bruk fornuft

– Om vinteren er det også snøkantar, og dersom folk først forvillar seg ut i sporet så kan det vere vanskeleg å komme seg ut att, held informasjonssjefen fram og rettar følgjande oppmoding mot fjellturistane.

– Ein må bruke fornuft, vere ansvarlege og berre krysse spor der det er tilrettelagt. Det er ved planovergangar, over tunnelar eller eventuelt undergangar, seier han.

Må gjenta

For Jernbaneverket har prøvd seg med informasjon på togstasjonane og brev til hytteeigarar.

– Det har ein viss effekt å minne folk om at det er farleg å bruke spor som gangveg og å ikkje krysse der det ikkje er tilrettelagt. Men vi ser også at vi må gjenta bodskapen, avsluttar Hjertaas.