Hopp til innhold

Prøvde forgjeves å få kontakt med politiet for å søkje råd

Etter eit stort ras frykta kommunen for innbyggjarane i Sandvika i Høyanger. Men då kommunen evakuerte dei 48 personane som budde der fekk dei aldri varsla politiet.

Video 5c08cb5a-f3f2-4e5b-96ae-92bb3f7486f1.JPG

EVAKUERING: I alt 48 personar måtte evakuere frå eit bustadområde i utkanten av Høyanger om kvelden 2. juledag. Sjå TV-saka frå 27. desember 2011.

Då uvêret Dagmar herja 2. juledag gjekk det eit stort stein- og jordras like ved tettstaden Sandvika i Høyanger. Folk som budde der vart utan vegsamband og i mørket kjende ikkje verken innbyggjarane eller kommunen seg trygge.

Fleire gonger prøvde kommuneleiinga å få tak i politiet, utan å lykkast. Til slutt måtte kommunen sjølv ta avgjersler som politiet skulle ha teke.

– Vi har loggført at vi ikkje fekk kontakt med politiet på tre tidspunkt. Alle gongane ringde vi både 112 og 02800, seier rådmann i Høyanger, Arve Varden.

– Vi skulle gjerne hatt hjelp frå politiet

Dei enorme nedbørsmengdene skapte dramatikk i Høyanger 2. juledag. I Sandvika like utanfor sentrum gjekk eit stort jordskred berre få meter frå bustadhusa.

Eit heilt bustadområde vart evakuert, men kommuneleiinga fekk aldri varsla politiet slik instruksen er når nokon skal evakuerast.

– Det betydde at vi måtte ta nokre avgjersler som ikkje ligg heilt til oss å ta. Det er klart vi gjerne skulle ha hatt dei som har kompetanse og kunnskap om slike hendingar til å leie situasjonen, seier Varden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kari Marie Nordeide og Ingvild Tjugum

MÅTTE SPRINGE: Kari Marie Nordeide og dottera Ingvild Tjugum måtte legge på sprang etter at raset gjekk.

Foto: Privat

Prøvde fleire gonger

Kommunen har på oppmoding frå politiet sendt rapport til politi og Fylkesmann. For sjølv om tettstaden no var utan vegsamband, var det ikkje verken straum- eller telefonvanskar i Høyanger denne kvelden. Men sjølv om rådmann og ordførar i fleire timar prøvde å varsle og rådføre seg med politiet fekk dei aldri kontakt.

– Vi prøvde å få kontakt klokka 21.50 då vi starta prosessen med evakuering, seinare igjen klokka 23.15 då vi hadde ei utfordring knytt til evakueringa av nokre personar. Og då vi hadde ein oppsummering av status då alle var evakuerte og ute av område ca klokka 00.30. Men vi fekk ikkje kontakt, seier Varden.

Samtidig som kommuneleiinga utan hell prøvde å kome i kontakt med politiet fekk NRK intervjua både ordføraren og dei evakuerte til Dagsnytt sine sendingar same kvelden.

Politimeisteren: – Situasjonen var ekstrem

Politimeister Johan Brekke ønskjer ikkje å kommentere den konkrete saka, men seier trykket på operasjonssentralen var enormt denne kvelden. Han skildrar situasjonen som ekstrem.

– Vi hadde fire personar på operasjonssentralen, noko som e det maksimale av det vi kan ha. Alle hadde hendene fulle, seier Brekke og legg til:

– Linjene inn til oss den kvelden var ekstremt dårlege. Det var mykje skurring på linja, og det blei svara på ein del telefonar der vi opplevde at det ikkje var folk i andre enden, seier politimeisteren.