Hopp til innhold

- Fullstendig kaos på Utvikfjellet

– Det er fullstendig kaos på Utvikfjellet, fortalde fleire tipsarar til NRK.no onsdag kveld. På det meste stod seks vogntog fast.

Ved 21.15 tida fekk NRK først høyre om ein lastebil som hadde fått problem i oppstiginga på Utvik-sida. Men ein liten time seinare hadde situasjonen forverra seg veldig.

– Det står fire bilar fast på Utvik-sida, og to på Byrkjelo-sida, fortalde ein som var på staden.

Fylkesveg 60 over Utvikfjellet vart i 22-tida stengd, og den vanskelege jobben med å berge bilane begynte. Men den jobben var ikkje noko lett.

Bilbergingsbilane kom seg nemleg ikkje fram fordi bilane stod fast midt i vegbana. Bilbergarane måtte på eit eller anna vis klare å flytte bilane ut i grøfta, slik at dei kom seg forbi.

Like før klokka 23 fortalde mannskap frå Viking Byrkjelo at dei hadde drege dei to bilane som stod i oppstiginga frå Byrkjelo opp på toppen.

– No må dei stå og vente på toppen, medan vi får drege opp dei fire bilane som står på hi sida, sa ein sjåførane til NRK.no.

Ved 23.30-tida er også dei fire vogntoga som stod på Utvik-sida berga opp. Fjellet er no ope att for fri ferdsel, men mannskapet hos Viking ber folk ta omsyn til føret.

Dei ber store bilar om å bruke kjetting.

På fleire av fjellovergangane er det trøbbel onsdag kveld. På Strynefjellet må åtte vogntogsjåførar overnatte i ein tunnel.