Hopp til innhold

Hovland skal vere på veg til Molde

Even Hovland (22) skal vere på veg til Molde for å diskutere kontrakt med romsdalsklubben.

Even Hovland

KVAR ENDAR HAN?: Kjem Even Hovland til å ende i Romsdalen eller i Russland? Det kan bli klart allereie i morgon.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg skal møta klubben i morgon og sjå på forholda. Så får me sjå kva som skjer vidare, seier Hovland til sognavis.no, på veg til Molde torsdag kveld.

Ifølgje avisa skal Sogndal ha akseptert eit tilbod med ei totalramme på om lag åtte millionar kroner frå Molde. Det ligg i korta at ungguten frå Vadheim kan få eit kontraktstilbod på bordet i løpet av fredag.

Kan få åtte mill i årsløn

Det har tidlegare vore kjent at den russiske klubben Anzji Makhatsjakala har snust på stopparkjempa.

Ifølgje tv2.no har Hovland hamna i eit skikkeleg dilemma. Tv2.no fortel at Hovland kan få ei årsløn på åtte millionar, noko som vil gi ungguten rundt 25 millionar netto på tre år, pluss bonusar.

Men Hovland presiserer til kanalen at det slett ikkje er berre pengar som tel når han skal ta avgjerda si.

Mange ting som spelar inn

– For meg handlar det om å gjera det rette reint karrieremessig, understrekar Hovland til tv2.no, og presiserer at Russland både verkar freistande og skremmande.

– Usikkerheitsmomenta er mange. Språket, kulturen og kvardagslivet. Men eg har merka meg at måla renn inn hjå Anzji, og at dei heilt tydeleg treng forsterkingar bak, seier Hovland til tv2.no.

Hovland har tidlegare denne veka sagt til NRK.no at han slett ikkje er framand for eit opphald i Russland.

Skal til Thailand på turnering

Etter det TV2 forstår, har Molde sagt seg villige til å betale rundt åtte millionar for Even Hovland, men det følgjer visse krav med. Sogndal skal dessutan ha sikra seg prosentar av eit eventuelt vidaresal.

Den styrtrike russiske klubben Anzji er villige til å betale meir enn det doble for Hovland, og lønna Hovland er førespegla i rosenes by, vil ikkje gi han meir enn ein brøkdel av netto-inntekta han kan kassere inn dersom han går til Anzji.

Mellom 15. og 22. januar skal Norge møte Danmark, Thailand og Sør-Korea i ei firenasjonars turnering i Thailand.

NRK.no har ikkje lukkast å komme i kontakt med Hovland sjølv.