Hopp til innhold

Aurland på 11. plass i Nærings-NM

Aurland kommune klatra heile 196 plassar opp og enda på ein 11. plass i Nærings-NM.

Aurlandsvangen

I TOPPEN: Aurland kommune (her representert med Aurlandsvangen) får ein sterk 11. plass i NHO si kåring av kva slags kommunar som er best på næringsutvikling.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det er NHO som årleg kårar dei beste kommunane og regionane i landet når det gjeld næringsutvikling. I 2010-tala som vart presentert av Dagens Næringsliv kunne ein lese at vesle Aurland har gjort eit kjempebyks oppover på lista.

Aurland kommune som kom på ein 11. plass må sjå seg slått av blant anna Ullensaker (nummer 1), Sandnes (nummer 2) og Trondheim (nummer 8).

Går ein lenger ned på lista finn ein Balestrand på plass nummer 48. Like bak kjem Førde på ein delt 49. plass, og Fjaler ligg på plass nummer 60.

Nøgd ordførar

Den gode plasseringa til Aurland gler ordførar Noralv Distad.

Noralv Distad

NØGD: Ordførar Noralv Distad er glad for at Aurland kommune gjer det så godt i kåringa til NHO.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dette er positivt! Vi har slite litt med folketalsnedgang, og når folketalet går ned så kan ofte næringslivet gjere det også, men vi har satsa friskt innan reiseliv og også innanfor kompetansearbeidsplassar, så når dette no gjev positive utslag så er det veldig kjekt, seier Distad.

Ordføraren er også snar med å rose næringslivet i Aurland som har klart å tiltrekkje seg nye kundegrupper.

– Dei har hatt evna til å sjå kundar også utanfor kommunen. Det har nok vore viktig i ein periode der folketalet har gått ned, trur Distad.

Går ein heilt i botnen av lista finn vi Jølster kommune på ein 426. plass, berre «slått» av kommunane Iveland, Osen, Søndre Land og Masfjorden.

Stavangerregionen på topp

Ser ein på kva regionar i landet som gjer det best innanfor næringsutvikling tronar framleis Stavangerregionen på topp. Like bak fylgjer Trondheimsregionen og Ålesundsregionen. Skal ein finne ein region ifrå Sogn og Fjordane må ein eit godt stykke ned på lista.

Sunnfjordregionen vert nummer 46 av dei 82 regionane i landet. Like bak kjem Nordfjordregionen på ein 48. plass, medan Sogn ligg på ein 55. plass. HAFS gjer det dårlegast av alle i Sogn og Fjordane og endar på ein 63. plass.

Folketalet har mykje å seie

Knut Vareide, forskar ved Telemarksforskning, peikar på folketalet som hovudgrunn til at Sogn og Fjordane kjem dårleg ut.

– Generelt gjer store regionar det betre enn små, og byar gjer det betre enn landsbygd. Folketalsvekst er ein viktig faktor. Stig folketalet stig gjerne også omsetninga, fortel Vareide.

Skal distriktsregionane klare å løfte seg ytterlegare er det fleire arbeidsplassar som må til.

– Vi ser at det er nokre distriktsregionar som klarar seg godt. Blant anna ligg Hitra/Frøya på ein 10. plass, og det er vekst i arbeidsplassar som er hovudårsaka til at dei greier å løfte seg, seier Vareide.