Hopp til innhold

Flåmsbana er stengd av 60 meter breitt ras

Flåmsbana er steng ved Blomheller etter eit jord- og søleras natt til onsdag. Det er uvisst kor lang tid det vil ta å få rydda skjenegangen.

Ras på Flåmsbana

STENGD: Dette store raset stengjer Flåmsbana.

Foto: NRK-tipsar

– Flåmsbana er stengd for trafikk i dag grunna eit ras ved Blomheller som gjekk i 3. tida i natt, seier Arvid Bårdstu, pressevakt i Jernbaneverket.

Raset skal vere om lag 60 meter breitt og to meter djupt.

– Det er hovudsakleg søle og vatn det er snakk om, men det vil ta noko tid å få fjerna det, seier Bårdstu.

Startar arbeidet så snart det er lyst

Det er førebels uvisst om Flåmsbana blir opna for fri ferdsle i dag.

– Arbeidet tek nok til i dag, men kor lang tid dette vil ta, er usikkert. Vi må få på plass banemannskap når det blir lyst, og så må ein planleggje arbeidet utifrå det, seier Bårdstu.

Kor lang tid det tek å få opna bana kjem an på om det er skadar på jarnbanesporet.

– Det treng ikkje vere skadd. Er det berre lette massar som ligg der, er det berre å få det vekk, seier Bårdstu.

Har sett opp bussar

I dag skulle det gått fire avgangar frå Flåm stasjon, klokka 9, 11.30, 14.50 og 17.00. I staden er det sett opp buss.

– Det skal ikkje få så altfor store konsekvensar for dei reisande, seier trafikkstyrar ved Slåm stasjon, Malvin Østerbø Midje.

Han fortel at dei har bra med reisande no i romjula.

– Vi har ein heil del asiatiske turistar som reiser her fast i romjula. I tillegg er det mykje folk som vitjar hyttene sine no i romjula, samt folk på juleferie, seier Midje.

Han seier at dei har opp mot 70–80 passasjerar dagleg.