Hopp til innhold

Her kjem minst 70 nye jobbar

Torsdag gjekk startskotet for det som kan bli ei ny storstila næringsatsing i Bremanger. No skal 100 millionar investerast i Kalvåg.

Barnehageborn startar kaibygging i Kalvåg
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I går gjekk startskotet for det som kan bli ei ny storstila næringsatsing i Bremanger. På Kalvøya der fiskerihamna er i dag skal kaiområdet utvidast med nærare 170 meter kaianlegg.

I planane ligg også ny kai for sjarkar og mottaksanlegg på land.

Går alt etter planen kan det på lang sikt kome opp mot 100 nye jobbar i den vesle bygda. Totalt kan det etter kvart kome 300 meter med nye kaier i Kalvåg.

– Dette er ei utruleg viktig og stor satsing, seier Monica Sande i Bremanger Hamn og Næring.

Det fyrste byggjesteget er finansiert av Kystverket og hamn og næringsselskapet. Fleire byggjesteg skal gjennomførast, totalt er investeringa på 100 millionar kroner.

Borna i sentrum

Torsdag var det høgtideleg markering av byggestarten for anlegget. Og det var borna, framtida i bygda, som vart sett i sentrum.

Dei kom stabbande frå barnehagen og fekk legge ned grunnstein og små bilete av fiskar ned i holet som vart bora av entreprenøren.

– Det er ekstra kjekt at dei som er framtida skal få vere med å starte anlegget, seier Sande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barnehageborn i Kalvåg

Barnehageborna i Kalvåg la ned grunnsteinen på den nye kaia.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Håpar på 70-100 nye jobbar

Også ordførar Karl Vidar Førde (SP) var til stades under opninga. Han seier dette er eit tydeleg bevis på at det er mykje optimisme og framtidstru i Bremanger no.

– Dette er utruleg viktig for Kalvåg og Bremanger, men også for heile fylket. Fiskerinæringa har eit stort potensiale for nye arbeidsplassar.

Førde trur det på kort sikt kan kome 70 nye jobbar tilknytta fryseri, leveransar, garnhotell med meir. Andre i næringslivet spår opp til 100 nye arbeidsplassar, men nokre av dei konkrete planane er framleis forretningsløyndomar.

– No er det også viktig at vi legg til rette for nye tomter og infrastruktur i området. Vegtilkomst og breiband er også veldig viktig, sa Førde.

Bremanger Fiskeindustri i Kalvåg

Kalvøya med Bremanger Fiskeindustri slik det ser ut før utbygging.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Manko på kaier i dag

I dag er det stor manko på kaier i Kalvåg. Fiskebåtane vert stadig større, men det finst ikkje nokon god utrustningskai i Kalvåg no.

Det gjer at andre hamner i distriktet må brukast, då forsvinn også mykje av verdiskapinga frå den store fiskeflåten i kommunen vekk til andre stadar.

Når sjarkflåten er inne, til dømes når det pågår makrelldorging, er det gjestehamna for småbåtar som må nyttast, noko som ikkje er heldig for reiselivet på sikt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karl Vidar Førde og Monica Sande

Ordførar Karl Vidar Førde og Monica Sande håpar på minst 70, kanskje 100 nye arbeidsplassar i Kalvåg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Eg trur ikkje folk er klar over kor mykje verdiskaping og arbeidsplassar på land som er knytta til fiskeria, seier Jan Ove Langeland, som er skipper på linebåten Atlantic, til NRK.

Han og mange andre i fiskerinæringa i Bremanger strålar over tanken på ny aktivitet.

– Dette er med å skape optimisme og framtidstru, seier Langeland.

Fylket må vere med

I tilknyting til kaianlegget skal det også kome nytt industriareal på Kalvøya. No håpar både kommunen, fiskarane og næringslivet på land at fylkeskommunen vil bidra med tilskot til satsinga.

Så langt har det vore snakka om eit beløp på vel 11 millionar kroner. Monica Sande har trua.

– Så langt er det gjort positive vedtak og vi har fått positive signal, vi håpar det går vegen.

Anleggsfasen for fyrste byggesteg vil pågå i eitt år.