Hopp til innhold

200 år sidan ras tok 45 liv

Den 2. desember er det 200 år sidan ei av dei verste skredulukkene i norsk historie. 45 menneske, tre firedeler av innbyggjarane på Nese i Arnafjord, omkom.

Arnafjord
Foto: Ottar Starheim / NRK

Les artikkelen Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv i Fylkesleksikonet.

Nese ligg som namnet tilseier på eit nes, og slike stader er normalt dei tryggaste for skred. Difor var det mange som budde på meir utsette stader som ynskte seg til Nese då ein periode med langvarig regnver vart toppa med eit ofseleg uver natt til måndag 2. desember 1811.

Arnafjord-ulukka - modell

Modell som viser korleis skredet trefte dei to tuna på Nese.

Foto: Jon Nese

Slett ikkje trygt

Det skulle vise seg at det slett ikkje var trygt på Nese, iallfall ikkje i dei to klyngetuna oppunder fjellet. For eit lite skred som starta høgt oppe utvikla seg til eit kjempeskred med stein, jord, snø og vatn. Det delte seg i to, slik at dei to armane trefte kvart sitt tun mellom klokka eitt og to om natta.

Nesten alle husa i dei to tuna vart sopte av grunnmuren og førde 600-700 meter ned til fjorden. Av dei 61 menneska som budde der miste altså 45 livet. Mellom dei 16 overlevande var det mange større born og ungdommar, truleg fordi dei sov oppe på lemmen og dermed flaut oppå straumen av rasmassar.

Nese i Arnafjord

Nese i Arnafjord. Dei to tuna som vart tekne av raset i 1811 låg på den grøne sletta om lag midt på biletet (med eit granholt i bakgrunnen).

Foto: Ottar Starheim / NRK

Jenta og stakken vart berga

Mellom desse var ei jente som heitte Torbjørg. Ho hadde vore i kyrkja om dagen og hadde hengt kyrkjestakken sin på sengestokken. Då skredet trefte huset vart senga med Torbjørg og stakken ført langt nedover bakkane, men kom ut av verste straumen og vart ståande ved kyrkja. Både jenta og stakken vart berga.

Berre 11 omkomne vart funne

Men nesten heile den vaksne generasjonen i tuna vart utsletta, også dei aller yngste borna som sov saman med foreldra. Den yngste som omkom var ni månader, den eldste 88 år. Berre 11 av dei 45 omkomne vart funne. Resten var sopt på fjorden.

Sidan 1811 har det ikkje budd folk i dei to tidlegare klyngetuna. I dag er jorda dyrka, og det er ikkje merke på staden etter ulukka eller husa som ein gong stod der. Og det har ikkje gått skred på denne staden etter 1811.

Skredstova i Arnafjord

Skredstova som vart teken i bruk i 2008.

Foto: Jon Nese

Minnesmerke og stove

Først i 2008 vart det avduka eit minnesmerke over det som skjedde i 1811. 45 steinar frå rasmassane, ein stein for kvart menneske som miste livet, er sett saman til eit monument. I tillegg er det reist eit lite hus, Skredstova, der det er informasjon om ulukka.

Kjelde: ”Arnafjord-ulukka 1811” av Jon M. Nese i Pridlao (Vik Historielag) nr 2-2008 og Fylkesleksikonet.

45 faklar

Innbyggjarane i Arnafjord skal minnast skredulukka på to måtar denne veka. Natt til fredag 2. desember skal dei samlast med mat og drikke i Skredstova mellom klokka eitt og to, nøyaktig 200 år etter at katastrofen trefte Nese, fortel Jon M. Nese.

Søndag skal det vere andakt på rasstaden, deretter blir det ein dialog mellom to som spelar ein av dei overlevande, og sorenskrivaren som kom for å halde skifte etter ulukka. Så skal 45 faklar tennast, og folk går i fakkeltog ned til Arnafjord kyrkje, der det skal vere lysmesse.