– Det kan sjå ut som om grågåsa trur ho er ein sau, ler Thor Elias Lunde.
Det er avisa Fjordingen som tysdag skriv om den noko uvanlege buskapen til sauebonde Thor Elias Lunde i Stryn:
Saman med 30 sauer spankulerer ei grågås rundt og beitar på marka mellom Stryneelva og gardshusa på Sætre.
Etter alt å dømme er det snakk om ei grågås som har mist flokken sin. På denne tida av året skulle gåsa ha vore på langt sydlegare breiddegrader.
– Gjess er veldig sosiale av seg. Når dei misser flokken, slik som det her har skjedd, søkjer dei ofte kontakt med levande grupper. Som enkeltståande fenomen har eg høyrt at dei går saman med sauer, seier Alv Ottar Folkestad til Fjordingen.
Han er leiar i Norsk Ornitologisk Forening, og meiner fuglen må vere ein grågåshanne på minst eitt år.