Hopp til innhold

Avdekte tjuvjakt i hytteområde

– Det er ikkje tvil. Dette er tjuvjakt, seier Arve Laugerud om hjortebukken som laurdag vart funnen mellom hytter i Kjølsdalen i Eid.

Tjuvjakt i Kjølsdalen

IKKJE TVIL: Reidar Lunde trudde først hjorten fall i ein bukkekamp. Nærare ettersyn avdekka det han meiner er tjuvjakt.

Foto: Øystein Torheim

Laugerud er leiar ved jaktfeltet Sætremarka. Laurdag føremiddag kom hytteeigar og mangeårig jeger Reidar Lunde, over bukken ved Dalsætra.

Bukken vart truleg skoten natt til fredag eller natt til laurdag.

– Det var tilfeldig eg kom over den. Eg kjende sterk vomlukt og såg etter om nokon hadde dumpa vom i området. Det er jo jakttid, fortel Lunde.

Kraftig tregreinar

Men det var alt anna enn vom Lunde kom over etter å ha leita litt.

– Det var eit heilt dyr som ikkje var vomma ut, seier han. På bakken låg ein kraftig tregreinar, med slaktevekt truleg på kring 70 kilo.

– Med det same tenkte eg at den var stonga i hel, men så måtte eg av stad og høyre med andre. Då vi snudde dyret var det kulehol på begge sider, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Laugerud (t.v.) og Reidar Lunde saman med den skotne hjorten.

TJUVJAKT: Bukken som Reidar Lunde (t.h.) fann ved Dalsætra måtte gi tapt for ein tjuvjeger.

Foto: Øystein Torheim

Knust innvendig

For ei tid attende frykta dei også tjuvjakt i Flora etter at ein hjort vart funnen død ved Bjørnset . Det viste seg at dei dødelege skadane var resultatet av ein tøff bukkekamp .

Det er meiner jaktlagsleiar Arve Laugerud ikkje er tilfelle i Kjølsdalen.

– Det er ikkje noko tvil. Det er både inngang og utgang etter eit prosjektil. Inni er den knust, seier han og fortel at bukkekvoten for årets jakt var fylt opp for nokre veker sidan.

Skot mot hytter

Laugerud fortel at det også i fjor var mistanke om tjuvjakt i bygda. Han vil ikkje spekulere i kven som kan stå bak. Jaktleiaren skildrar tjuvjakta som utilgjeveleg og seier den vil bli politimeld.

Han reknar med at det dødelege skotet fall på nattetid. Det er då bukkane er aktive på jordet i området.

– Dette er ikkje bra i det heile. Det er fleire ting som gjer dette alvorleg. Det er hytte i bakgrunnen og slik som det ser ut, så har skotet gått i retning mot hyttene. Det ville vore forferdeleg om det var folk på hyttene, seier han.

– Slikt er ikkje jakt

Laugerud trur hjorten ikkje kan ha gått veldig langt før den fall om heller.

Hjorten låg på eit jorde kring 100 meter frå stølsvegen mot Navestølen.

– Jaktmessig er det eit godt skot, men eg veit ikkje om eg vil kalle dette jakt. Bukken låg der framleis, så eg veit ikkje om det kan vere lystskyting. Eg trur ikkje det hadde vore store problem å finne den om ein hadde lett etter den, seier han.

Uvisst om det er eit problem

Lunde ser ikkje vekk frå at den som felte bukken har sett etter den, men ikkje klarte å finne den. Sjølv var det den sterke lukta som gjorde at han kom over den.

Verken Laugerud eller Lunde kan seie om dette er eit enkelttilfelle, eller del av eit større problem med tjuvjakt.

– Men det er stor trafikk, der mange er opp og kikar. Endåtil inn på dyrka mark ser du tydelege spor frå bilar, seier Lunde, som sjølv har vore jeger i kring 35 år.

– Men all jakt i bekmørkeret har ingenting med jakt å gjere. Å køyre bil rundt og skyte frå bilen er slik som ikkje har vore praktisert, legg han til.