Hopp til innhold

Sogn og Fjordane gav nest mest

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innbyggarane i Aurland var mest rause med bøsseberarane under årets TV-aksjon. Vågsøy kommune var den kommunen som gav minst per innbyggar.

Med eit gjennomsnitt på 70,21 kroner per innbyggar, toppar Aurland suverent lista over kommunar i Sogn og Fjordane.

Opptekne av frivillig arbeid og omsorg

Noralv Distad

STOLT: Ordførar i Aurland Noralv Distad er godt nøgd med innbyggjarane i kommunen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Noralv Distad tykkjer det er kjekt å vere ordførar i fylkets rausaste kommune.

– Aurland er jo kjent for å ha rause innbyggjarar og det bekrefta dei i denne innsamlinga. Vi er veldig stolte over den gjevargleda som er i Aurland, fortel Distad.

– Kva trur du er årsaka til at aurlendingane er så rause?

– Aurlendingar er vel generelt opptekne av frivillig arbeid og å vise omsorg som det har også har blitt gjort under fleire innsamlingar tidlegare, seier Distad.

Vågsøy på botnen

Innbyggarane i Solund er ein god nummer to. Dei gav i snitt 59,04 kroner. Sist på lista i finn vi Vågsøy, der dei gav 34,33 kroner i snitt per innbyggar.

– Det er klart at det aldri er kjekt å vere den kommunen som gav minst, men eg vil samstundes rose alle dei som har gått rundt og samla inn. Det har vore mykje som har skjedd kring om i kommunen og mange har difor ikkje vore heime og det kan kanskje ha hatt ein innverknad det også, seier ordførar i Vågsøy, Morten Hagen.

Det er ikkje fyrste gong Vågsøy ligg lengst nede på fylkesoversikta. Med 34,33 kroner i snitt per innbyggjar ligg Vågsøy også godt under landsgjennomsnittet som er på 42,43 kroner.

– Til neste år kan det vere vi må mobilisere litt meir i Vågsøy også. Vi ynskjer ikkje å vere der vi ligg no så det må vi prøve å gjere noko med til neste år, seier Hagen.

Nest mest i landet

Årets TV-aksjon vart avvikla søndag. Pengane i år gjekk til Norsk Folkehjelp sitt arbeid med å rydde landminer i seks ulike land verda over.

Fylket er førebels nummer to på landsoversynet.

Nesten tidenes beste

Norsk Folkehjelp fekk til saman inn 207 965 915 kroner under innsamlinga i går. Det viste dei førebelse oppteljingane litt over midnatt i natt.

Det gjer årets innsamling til den nest beste gjennom tidene.

Her er oversikta over gjevargleda i Sogn og Fjordane:

TV-aksjonen 2011

 

Kommune

kroner

1.

Aurland

70,21

2.

Solund

59,04

3.

Gulen

53,48

4.

Vik

51,41

5.

Jølster

50,86

6.

Gloppen

50,44

7.

Luster

50,05

8.

Lærdal

49,45

9.

Leikanger

48,88

10.

Askvoll

48,32

11.

Naustdal

47,85

12.

Sogndal

46,62

13.

Førde

45,71

14.

Gaular

45,60

15.

Hyllestad

45,07

16.

Høyanger

43,79

17.

Stryn

42,85

18.

Eid

42,64

19.

Årdal

42,41

20.

Selje

42,37

21.

Fjaler

42,05

22.

Bremanger

41,53

23.

Balestrand

39,77

24.

Flora

38,95

25.

Hornindal

38,34

26.

Vågsøy

34,33

Ekspander/minimer faktaboks