Hopp til innhold

Kirketeig hadde inga tariffavtale

Medan Jarle Kirketeig kontrollerte at verksemder i fylket hadde tariffavtalar, stod han sjølv utan tariffavtale med Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Kirketeig

INGEN TARIFFAVTALE: Jarle Kirketeig kontrollerte at arbeidarar i fylket hadde tariffavtale. Sjølv hadde han ingen.

Foto: Bård Siem / NRK

«Dette er berre trist»

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kirketeig er organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet i fylket, men fekk sparken etter at han skulda leiaren for mobbing og trakassering .

Før helga fekk han sjokk då han vart klar over at han sjølv ikkje hadde tariffavtale.

– Eg hadde aldri trudd at det gjekk an. Eg er halden for narr, seier han.

– Har fare med løgn

– Eg har heile tida fått høyre at eg har tariffavtale og trudd at eg hadde dei rettar som står i ein tariffavtale. No viser det seg at arbeidsgjevar har fare med løgn til meg. Tariffavtale gjeld ikkje for meg, hovudavtalen gjeld ikkje for meg, held han fram.

Ei viktig oppgåve for Fellesforbundet, som er ein organisasjon i LO-systemet, er nettopp å jobbe for å få på plass tariffavtalar i verksemdene i fylket.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Forbundsstyret inn i mobbesak

SJÅ TV-SAK: Forbundsstyret inn i mobbesak.

Fellesforbundet stadfestar

Nestleiar i Fellesforbundet i fylket, Bjørn Kormeseth, stadfestar at Kirketeig står utan tariffavtale, men nektar å kommentere saka ytterlegare.

NRK kjenner også til at det eksisterer ein direkteavtale mellom Kirketeig og organisasjonen som Kirketeig meiner er langt dårlegare enn ein tariffavtale.

– Hadde dette vore haldningane som vi skulle kravd ovanfor verksemdene i fylket, det hadde vore heilt katastrofe, seier Kirketeig.

Kan hamne i rettssalen

Kommunikasjonssjef Jenny Ann Hammerø i LO seier det er viktig at kvar einskild har tariffavtale, men vil utover det ikkje kommentere ytterlegare den konkrete saka.

Kirketeig er den tredje i rekkja som har stått fram og fortald om alvorleg mobbing og trakassering frå den valde leiaren i Fellesforbundet i fylket.

Då han gjekk ut i media og fortalde om problema, svarte fellesstyret med å seie han opp. Dersom denne ikkje blir trekt attende, endar saka truleg i rettsapparatet.