Hopp til innhold

Bygdeutviklingspris til BesteBakken

Reiselivsverksemda BesteBakken i Luster vart i dag tildelt Bygdeutviklingsprisen.

Bygdeutviklingsprisen gjekk til Bestebakken

PRIS: Lindis Alme (med diplom), tok i mot prisen saman med Mariska Solheim som er ansvarleg for spa-avdelinga ved BesteBakken. Her saman med avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal og juryleiar Kjartan Longva.

Foto: Birthe Johanne F. Finstad

BesteBakken er ein overnatting- og serveringsstad med utsikt over heile Hafslo. Her set vertinne Lindis Alme vekt på opplevingar, kultur og mat.

Dette har blitt lagt merke til og under opninga av fylkestinget tysdag fekk ho tildelt den lokale Bygdeutviklingsprisen. Prisen er på 50 000 kroner og Lindis Alme blir no Sogn og Fjordane sin kandidat til den nasjonale Bygdeutviklingsprisen.

Alme er svært nøgd med tildelinga og seier dette gir ekstra giv og nyttige middel for vidare satsing.

– Vi har mange planar framover. Akkurat no er vi i ferd med å avslutte hudpleieserien vår som vi er utruleg stolte over. Her nyttar vi 11 000 år gamal Hafsloleire og baserer produkta på dei ekte og reine vi har i Sogn og Fjordane, seier Alme.

Ho seier BesteBakken no vil satse vidare på tilbod innan helse, i tillegg til vidare satsing på velvære.