Hopp til innhold

Slik overvakar dei fjellsprekken

I dag er sprekken ved «Nebbet»i Nærøydalen i Aurland så stor at mannen på biletet kan ha begge beina nedi. No har kommunen montert varslingssystem.

I fjor datt det mellom 6000 og 7000 kubikk stein ned frå Hallinggrovi i Gudvangen i Aurland kommune. Dette lagde enorme støvskyer som strekte seg ut Nærøyfjorden, heilt ut til Bakka.

No har kommunen teke grep, og installert eit overvakingsinstrument som gir beskjed om kvar minste rørsle det store fjellpartiet gjer.

Enkelt konsept

Overvakinga går ut på at ei stålstong ligg over sprekken og overvakar kvar minste rørsle i området.

– I tillegg til stålstonga, har vi også eit instrument som måler vertikale rørsler. Utstyret får straum gjennom eit solcellepanel, og den sender via GPS til NGI og til ei heimeside som tek imot alle rørsler. På den sida har vi tilgang til alle data, fortel prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold.

Prøvde å sprengje

Etter dei mange rasa, prøvde kommunen å rydde i fjellsida.

– Vi prøvde å sprengje ut noko av det som hengde att og var laust, men vi stoppa til slutt sprenginga fordi vi tykte baksprekkene var såpass store, fortel Rosenvold.

Han legg til at i verste fall kunne sprenginga løyst ut større blokker som ville føre til steinsprang mot både veg og busetnad.

I år har kommunen ute på anbod eit prosjekt om å sikre busetnaden nærast Hallinggrovi mot lausmassar og vatn, og dette gjorde rasvarsling endå meir aktuelt.

– Då må anleggsfolk inn i området, og difor vart det endå viktigare for kommunen å få sjekka om sprekken hadde utvida seg i høve til året før, fortel han.

Burde kunne varsle

I juli var kommunen oppe med to geologar, og desse meinte at sprekkane var såpass store at kommunen burde få på plass utstyr for å overvake sprekken, samt moglegheit til å varsle bebuarar i området dersom blokka skulle falle ned.

Aurland kommune bestemte seg raskt for at dette var noko dei ville gå vidare med.

– Vi fekk avtale med eit skotsk firma som leverte både utstyr, webside og overvaking, fortel Rosenvold.

Sjølve monteringa tok ikkje lang tid, og etter det har fjellnabben vore under overvaking.

– Vi monterte utstyret 30. august, og det har fungert frå første dag, seier Rosenvold.

Geologar tolkar resultata, og desse vert nytta til å arbeide opp eit varslings- og beredskapssystem rundt dette.

Varsling først – så evakuering

Han legg til at geologane er svært usikre på kor stor steinblokka er, så i første omgang måler dei rørsler for å kunne ha moglegheit til å varsle bebuarane i Skjerping om at dei bør halde seg inne dersom noko skjer.

Det er ikkje fare for at sjølve steinmassane skal falle ned der folk er, men det er støvskya som følgjer av eit slikt steinblokkfall, kommunen ønskjer å verje folk mot.

– Dersom geologane etter synfaring finn ut at sprekken er vorte mykje større, vil vi også sjølvsagt vurdere evakuering dersom tilhøva tilseier det, seier Rosenvold.

Varslar per sms

Kommunen vil varsle per sms dersom noko er i emming, og at ein vurderer at folk må halde seg inne.

– Det er om lag 17 personar dette gjeld. Dette gjeld berre fastbuande, seier Rosenvold.

Han avviser at steinblokka vil kunne ramle rett ned på hus.

– Det vil vere umogleg. Det mest sannsynlege er at blokka vert knust. Men i verste fall kan det komme mindre stein som sprutar ut og rullar ned mot E16. Vi er opptekne av å kunne overvake for å kunne varsle, seier han.

Sjølve utstyret kosta om lag 20 000 kroner, pluss montering via helikopter.

– Dette er eit relativt rimeleg utstyr. Dersom det fungerer tilfredsstillande her, kan det vere at vi installerer det andre stader også, der vi har liknande tilfelle, seier Rosenvold.