Hopp til innhold

Vik får Ap-ordførar i fire nye år

Marta Finden Halset held fram som ordførar i Vik.

Marta Finden Halset

AP MED MAKTA: Marta Finden Halset får halde fram i fire nye år som ordførar i Vik.

Foto: Bjørn Sæbø/Sindre Løkstad

Det vart klart fredag kveld.

Heller ikkje i varaordførarstolen vert det utskifting. Olav Turvoll held fram som senterpartiet sin varaordførar i kommunen.

Inga Terra-straff

Valet måndag var det første etter at Terra-skandalen rysta kommunen.

Skandalen som gjorde at Fylkesmannen plasserte kommunen på Robek-lista.

Det var difor knytt spenning til om Finden Halset fekk fornya tillit, eller om ho kom til å bli straffa av veljarane.

Ap gjekk fram

Men Arbeiderpartiet slapp med skrekken og gjekk i staden fram 1,3 prosentpoeng til 36,3 prosent oppslutnad.

Ap står difor støtt, med seks representantar i kommunestyre.

Noko verre gjekk det for Senterpartitet, som gjekk tilbake 8,1 prosentpoeng og tapte ein representant.

Ap valde likevel eit samarbeid med Sp.