Hopp til innhold

Kårstad Transport startar opp att

Kårstad Transport startar opp att under ei veke etter konkursen.

Kårstad Transport AS

STARTAR OPP ATT: Det vil igjen bli aktivitet ved Kårstad Transport i Gaular.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Vi håpar at vi skal vere i drift att frå måndag av, seier fungerande styreleiar Arnt Henning Kårstad til NRK.no laurdag kveld.

Den tradisjonsrike transportbedrifta i Gaular måtte onsdag denne veka gje tapt mot tøffe tider i transportnæringa. Bedrifta har ikkje klart å halde forpliktingane sine og måtte difor gå til retten med buet. Vel 60 tilsette mista jobben.

Har jobba på spreng

Allereie torsdag var det hektisk aktivitet på kontora til Kårstad Transport. Det har blitt jobba på spreng for å få stable eitt nytt selskap på beina att, og målet har heile tida vore at alle dei tidlegare tilsette skal få jobbane sine tilbake.

- Vi ønskjer å ivareta og sikre arbeidsplassane, det er det som betyr mest for oss, sa Arnt Henning Kårstad til NRK.no torsdag.

Og no kan han endeleg seie at dei har klart seg. Etter fleire dagar med forhandlingar og møteaktivitet er det klart, Kårstad Transport AS startar opp att som eit nytt selskap.

Alle får tilbake jobbane sine

- Eg har ikkje fått tid til å føle på korleis dette er endå, men i forhold til at vi igjen kan tilby våre tilsette ein jobb, så er dei ei god kjensle. Men det har vore tøft å måtte gå gjennom den prosessen som vi har, seier Kårstad til NRK.no.

Han seier dei håpar å kunne starte opp att drifta som normalt allereie frå måndag av og seier alle dei tidlegare tilsette kan kome attende til jobbane sine.

- Dei har heile tida vore orienterte om kva som skjedde før konkursen, og det har ikkje vore nokon sure miner. Det er kjekt å få dei med att på laget, seier Kårstad.

Dag-Jøran Hjelmeland, som er ein slektning av Kårstad-brørne går inn som investor i det nye selskapet og vil bli styreleiar i bedrifta, medan Arnt Henning Kårstad kjem til å halde fram i leiargruppa.

- Ting skal bli annleis

Kårstad seier til NRK at dei har kjøpt opp ein del av buet, men at ein del ting vil bli annleis enn før.

- Vi kjem for eksempel til å byte ut ein del eldre bilar og vi kjem til å gjere endringar både i forhold til drift og leiing, seier Kårstad.

Han seier dei vil halde fram samarbeidet med kundane dei har hatt, samtidig som dei vil bli meir selektive når dei skal inngå nye kontrakter.

- I tillegg er det godt å halde fram under namnet Kårstad Transport. Dette er ei namn som er godt kjent og som har eit rykte, seier Kårstad.