Hopp til innhold

Knallsterk innsats av utøvarane frå fylket

12 gull, seks sølv og fire bronsemedaljar. Det er stoda for utøvarane frå Sogn og Fjordane etter første dagen av NCC-leikane på Osterøy.

Poengfordeling etter første dag av NCC-leikane

GODE RESULTAT: Sogn og Fjordane har etter første dag av NCC-leikane 135 og knivar med Hordaland om sigeren i lagkonkurransen.

Foto: Narve Heggheim

Ein tropp på 30 utøvarar frå Sogn og Fjordane er denne helga på Osterøy for å kjempe om edelt metall under NCC- leikane.

Etter den første dagen har dei levert ein solid innsats og sikra Sogn og Fjordane ein solid andreplass i lagkonkurransen. Berre 16 poeng bak Hordaland gjer utøvarane frå fylket konkurransen spennande framfor dag to.

Desse henta heim gullmedaljar:

  • Kirsti Strømmen Kjerpeset, Florø: 60 meter hekk, 200 meter og lengde
  • Thomas Mardal, Sandane: diskos
  • Kjersti Hjelle Eide, Breimsbygda: 60 meter hekk og lengde
  • Svenn Arne Bjørkelo, Breimsbyga: kule
  • Vidar Hatlen, Hyllestad: lengde
  • Andreas Rauset, Sandane: 1000 meter kappgang
  • Jon Rolf Skamo Hope, Hyen: 600 meter
  • Fride S Birkeland, Førde IL: kule

For aller første gong i NCC samanheng vann Sogn og Fjordane stafetten.