Hopp til innhold

- Valkampmateriellet er for likt og det vert alt for mykje tekst

Dei politiske partia i Sogn og Fjordane er på ingen måte gode nok til å reklamere for seg sjølve framfor valet, meiner reklamemann.

Malvin Horne

IKKJE IMPONERT: Malvin Horne har arbeidd med reklame i 30 år. Valkampmateriellet frå Sogn og Fjordane imponerer han ikkje.

Foto: Rune Fossum / NRK

Malvin Horne har arbeidd i reklamebransjen i 30 år. Han har sett nærare på valkampmateriellet til dei ulike politiske partia i fylket, og let seg på ingen måte imponere.

- Det er veldig mykje likt og det blir alt for mange ord. Folk er ikkje interesserte i å lese side opp og side ned, seier Horne til NRK.no.

- Det blir for generelle slagord

Med berre litt over ei veke att til valet er det mange som akkurat no brukar til på å prøve orientere seg i det politiske landskapet. I postkassa di har det gjerne kome brosjyrar frå dei politiske partia der dei gjer det dei kan for å prøve kapre nettopp di stemme.

Horne som er dagleg leiar i reklamebyrået A til Å, er ikkje imponert over arbeidet som er lagt ned i valkampmateriellet.

- Mange av partia bruker slagord som er så generelle at dei kunne gjelde for alle partia. Så på dette er det ingen som er flinke, seier Horne.

Eit eksempel han viser til er Samfunnsdemokrata med slagordet «Eit verdig liv for alle, med menneska i sentrum».

- Dette er eit slagord alle partia kunne brukt, seier Horne.

- Mindre om kva dei vil

Han meiner partia har mykje å lære og trur mange ikkje har nok fokus på at dei gjennom valkampmateriellet må selje seg til kundane på same måte som til dømes ei matvareforretning sel seg til kundane i sine reklamar.

- Det blir mykje tekst og eit komplisert språk. Dei fortel heile tida kva dei vil, men ikkje om kva dei skal eller kva dei har fått til, seier Horne.

Han meiner partia i staden hadde tent på å vise til konkrete saker med å fortelje gode historier om nettopp kva deira partia har kjempa for og fått til tidlegare.

- Eg er ikkje veldig imponert over valkampmateriellet, nei, seier Horne.

Dette seier han om dei ulike partia

Logo Arbeiderpartiet
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Arbeidarpartiet:

- Det er mykje som er som før, men dei kommuniserer også tryggleik. Dette gjer det med å bruke eit bilete av statsminister Jens Stoltenberg. Men det blir for mykje tekst. Eg saknar til dømes noko som kan vise kva dei har fått til, seier Horne om Ap.

Senterpartiet:

Senterpartiet
Foto: Senterpartiet

- Dei spelar på si eiga dronning i regjeringa, nemleg Liv Signe Navarsete. Også her saknar eg noko om kva dei har fått til, i staden for så mykje tekst. Eg synst og dei kunne spelt meir på at Jenny Følling kan bli den nye Nils R. Sandal. Han er ein profilert fylkesordførar i heile landet, seier Horne om Sp.

Venstre:

- Dei spelar på at dei prioriterer folk før system, noko som er eit godt poeng. Samtidig blir det for mykje vil og for lite skal.

Raudt:

- Dei er litt freidigare en dei andre partia og brukar eit enkelt ”ja til” og ”nei til” språk.

Samfunnsdemokratane:

- Nytt parti med fint materiell som har eit frisk uttrykk. Skulle ønskje dei hadde fokusert meir på at dei er eit parti som er oppretta fordi dei er sure på dei som har makta, altså Ap.

Kristeleg Folkeparti:

- Ville hatt meir fokus på at ”du er nærare KRF enn du trur”. Dette er eit godt slagord, med verdiar. I Gulen har Trude Brosvik og Krf vist at det er mange som stemmer på dei sjølv om dei ikkje står for alt i Krf sin politikk. Det kunne dei spelt meir på, seier Horne.

Høgre:

Høyre logo

- Dei har plukka seg ut ei flaggsak, nemleg ”Tilflyttingsfylket Sogn og Fjordane”. Dei forklarar det bra, men det blir litt mykje ord. Valmateriellet har mange fine bilete frå fylket og med første augekast kan det verke som ei brosjyre for Sogn og Fjordane, men det viser at Høgre er stolte av fylket, seier Horne om Høgre.

Sosialistisk Venstreparti:

SV logo
Foto: SV

- Lange generelle tekstar om kva dei vil. Kva om dei hadde fått meir fokus på at dei er eit alternativ, eit friskt pust slik dei sjølv gjerne vil vere.

Framstegspartiet:

Frp logo

- Gode spissformuleringar. Dei seier tydeleg at det med Frp vert det ein ny politisk kurs. Men også dei lider av at dei fortel mest om kva dei vil, utan å vise til noko konkret dei har fått til.