Hopp til innhold

- Vi skal ikkje vende dei ryggen

Sunnfjord Sag i Bygstad følgjer spent med på om Kårstad Transport klarar å stable eit nytt transportselskap på beina att. Dei får ikkje lenger levert varene sine.

Sunnfjord Sag

RÅKA: Sunnfjord Sag i Bygstad får ikkje sendt ut varer som følgje av konkursen i transportverksemda Kårstad Transport.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sagbruket har i over 30 år samarbeidd med transportselskapet som denne veka gjekk konkurs. Som følgje av konkursen får Sunnfjord Sag verken frakta inn tømmer eller sendt ut ferdige produkt frå sagbruket.

Dei har førebels hatt nok råmateriale til å halde fram produksjonen, men sidan onsdag har dei ikkje fått køyrd ut produkt til sine kundar.

Fredag kveld diskuterte leiinga kva dei skal gjere framover.

– Konkursen har utan tvil ført til utfordringar for oss, seier styreformann Einar Myklebust til NRK.no.

Håpar å starte nytt selskap

Leiinga i Kårstad Transport gjekk til skifteretten med familieverksemda onsdag, og 55 tilsette står no utan arbeidd. Arnt Henning Kårstad som er fungerande styreleiar i selskapet sa torsdag til NRK at det vert arbeidd på spreng for å etablere eit nytt selskap.

– Vi ønskjer å ivareta og sikre arbeidsplassane, det er det som betyr mest for oss, sa Kårstad til NRK tidlegare denne veka.

– Vi skal ikkje vende dei ryggen

Kårstad har gitt seg sjølve frist til måndag morgon med å få på plass eit nytt selskap, og Myklebust i Sunnfjord Sag seier dei følgjer spent med.

– Kårstad Transport har vore ein fabelaktig samarbeidspartnar i 30 år, så vi vil ikkje sjå oss om etter noko ny transportør før det er avklart kva som skjer med dei, seier Myklebust.

Førebels har dei ikkje tapt pengar på at dei ikkje får køyrd ut ferdige varer, men Myklebust håpar dei kjem seg i gang med utransport snarast. Han håpar det blir med sjåførar frå Kårstad bak rattet.

– Selskapet og sjåførane kjenner oss, dei kjenner vegen til sagbruket og vi er svært nøgde med jobben dei har gjort. Dersom dei kjem seg på beina att har vi ikkje tenkt å vende dei ryggen.