Hopp til innhold

- Bjørnen stod på to bein og klødde seg i nakken

Statens naturoppsyn skal undersøkje staden for spor etter bjørn.

Bjørn

PÅ VANDRING: Bjørnen er på vandring i desse tider. Om det har vore bjørn ved Svarthumlevatenet vil det vere oppsiktsvekkande. Det er ikkje tidlegare observert bjørn i dette området. Bjørnen på biletet har ingenting med observasjonen ved Svarthumle å gjere.

Foto: Øyvind Josefsen

- Det var ein bjørn. Eg er heilt hundre prosent sikker. Han stod oppreist og klødde seg i nakken, seier Sigrid Kjær Berentsen.

Stod oppreist
Sigrid Kjær Berentsen

OVERBEVIST:Sigrid Kjær Berentsen er ikkje i tvil om at det var ein bjørn ho såg fredag kveld.

Foto: privat

Det var firdaposten.no som først melde at det var observert ein bjørn i området. Kjær Berentsen var saman med to andre på veg i bil fredag kveld til Florø.

- Vi kom køyrande gjennom Naustdalstunnelen og like etter at vi kom ut såg vi han på høgre sida, fortel Kjær Berentsen til NRK.no.

Observasjonen skal ha blitt gjort like ved Svarthumlevatnet.

Sjølv om dei alle tre i bilen vart svært overraska over synet som møtte dei då dei kom ut av tunnelen, stoppa dei ikkje bilen.

Undersøkjer området

- Nei, vi gjorde ikkje det. I ettertid har eg spurt meg sjølv kvifor vi ikkje stoppa og tok bilete. Vi hadde kamera og alt i bilen, men vi stoppa likevel ikkje. Det skulle vi sjølvsagt ha gjort, seier ho.

Vilforvaltar Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen seier dei no vil undersøkje området for å sjå etter spor.

- Statens naturoppsyn, SNO, reiser ut for å sjå etter spor eller teikn for å sjå om det har vore bjørn i området. SNO må alltid sjekk kva det kan ha vore, seier han.

- Aldri vore bjørn så langt vest

Utover det vil ikkje SNO gjere noko med saka anna enn å ta det til etteretning.

- Det er ikkje nytt at det er bjørn i fylket vårt. Men det er ikkje dokumentert bjørn i dette området tidlegare. Skulle det vise seg at ein finn dokumentasjon på dette, vil det vere oppsiktsvekkande. Det er aldri tidlegare dokumentert bjørn så langt vest, seier Mjelstad.

Kvir seg på turgåing

Kjær Berentsen har hytte i området, og seier ho no kvir seg på å gå tur aleine i området.

- Eg har høyrt andre snakke om at det har vore bjørn i området før, men aldri sett nokon. Men no, etter at eg har sett ein med eigne auge, er ikkje lenger så lysten på å gå i området.

- Om det skulle vise seg at det er bjørn i området, kor farleg vil du seie at det er?

- Den norske bjørnen er svært lite farleg. På austlandet er det meir bjørn, men det er nesten ingen episodar med folk som vert skadd av bjørn, forklarar viltforvaltaren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.