Etter initiativ frå Nordland, har det vore eitt møte mellom fleire fylkeskommunar om å kjøpe opp flyselskapet Widerøe.
Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, vurderer situasjonen nøye.
– Vi har jo ei veldig felles interesse av at vi har ein operatør som kan gje både kvalitativt god tilbod på plassane våre, både når det gjeld frekvens og komfort. Det føler vi at Dash-8 flytypen til Widerøe gir oss, seier Sandal.
Fryktar for tilbodet
Fylkeskommunar frå Sogn og Fjordane i sør, til Finnmark i nord, møttest tidlegare i år på Gardermoen for å drøfte saka. Føresetnaden for eit oppkjøp er at staten sel seg ut av SAS.
Widerøe er nemleg eit heileigd dotterselskap i SAS-konsernet. Fylkespolitikarane fryktar følgjene for rutetilbodet i distrikta dersom SAS kjem fullt og heilt på utanlandske hender.
– Vi har informasjon som kan tyde på at staten kan kome til å selje seg ut av SAS, seier Sandal.
Uvisse kring eigarrolla
NRK har vore i kontakt med andre fylkeskommunar som ikkje ønskjer å kommentere saka offentleg.
Dei stadfestar likevel at oppkjøp av Widerøe kan vere aktuelt.
– Det er jo litt uvisse kring eigarrolla i SAS og vi må diskutere det litt i fellesskap kva som eventuelt kan skje slik at vi heile tida er sikre på at vi har eit godt tilbod, legg fylkesordføraren til.
Solide plusstal
Flyselskapet har hovudkontor i Bodø og det er 13 småflyplassar i Nordland. Flyselskapet, som trafikkerer 47 flyplassar, hadde i fjor ei omsetning på 2,5 milliardar og eit overskotet var på 162 millionar kroner.
Det er med andre ord eit selskap med solide plusstal fylkeskommunane snusar på. Sandal fryktar kva som kan skje dersom staten sel seg ut av SAS.
– Ein kan aldri vite kva som skjer i tilfelle det blir nye eigarar, avsluttar han.