Hopp til innhold

Fleire ulykker på éin gong på E39

Naudetatane var midt i ei utrykking til ein mopedvelt, då dei kom over ein front mot front-kollisjon mellom to personbilar.

Ulukke ved Reset i Førde
Foto: Vegar Erstad / NRK

– Det vi veit, er at ein mopedist har velta på E39 ved Reset i Førde, opplyste vakthavande ved operasjonssentralen til NRK.no like før klokka 14.00.

Nokre minutt seinare:

– Det er også nokre bilar i ei ulykke i Halbrendslia. Der er fleire ulykker på éin gong.

To ulykker på berre nokre minutt

Ifølgje politi på staden var naudetatane på veg til ein mopedvelt like ved Reset på E39 sør for Førde sentrum, då dei oppdaga at to personbilar hadde kollidert front mot front.

– Vi fann ingen moped, og først då skjønte vi at det var to ulykker, seier skadestadsleiar Joachim Malterud til NRK.no.

Det viste seg snart at dei to ulykkene hadde skjedd med berre eit par minutts mellomrom, og dei hadde skjedd berre nokre meter frå kvarandre.

Det er ikkje klart kvifor bilane kolliderte.

Har starta å sleppe bilar forbi

Tre personar er køyrde til sjukehus etter dei to ulykkene – mopedisten (16) som velta, og ein person frå kvar av bilane.

AMK opplyser at mopedisten og ein 60 år gamal mann er utskrivne frå sjukehuset etter poliklinisk behandling, medan ei 31 år gamal kvinne er lagt inn på vanleg avdeling med lettare skader.

Det danna seg raskt lange køar på staden, men ved 14.30-tida starta politiet å sleppe forbi trafikk. Vegen var stengd i kortare periodar medan redningsarbeidet gjekk føre seg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.