Hopp til innhold

Frykta sosial dumping av plukkarar

Stadig fleire austeuropearar ønskjer seg til Norge i sommarsesongen for å plukke jordbær. Opptil fem gongar høgare løn enn dei kan få i heimlandet lokkar.

Jordbær

LOKKAR AUSTEUROPEARAR: Mange vil komme til Norge for å tene pengar.

Foto: Scanpix

Men sjansen aukar samstundes for sosial dumping. UDI har fått svært mange søknader om arbeidsløyve, fortel områdeleiar Hanna Krange.

Underdirektør Hanna Krange

FLEIRE SØKNADER: Områdeleiar i UDI, Hanna Krange, seier dei har fått over 1000 søknader i år.

Foto: NRK

Ho seier at austeuropearar som søkjer lukka i Norge er ein trend som aukar.

– Vi har fått fleire tusen slike søknader. Dei er kjende med at lønsnivået i Norge ofte er høgare enn i andre land.

Fekk 20 kroner timen

Den auka pågangen gir samstundes auka moglegheit for bøndene til å utnytte plukkarane. NRK har tidlegare vore i kontakt med fleire som har opplevd dette.

Anna Wrosyna var i 2008 en av fem ungdommar frå Polen som jobba i Lærdal. Ho fekk då ikkje overtidsbetaling ho hadde krav på. Ho opplevde å få betalt ned til 20 kroner timen.

Strengare kontroll i sommar

Forskar Anne Mette Ødegård i forskingsstiftinga FAFO seier at arbeidstid generelt eit problem når det gjeld austeuropeiske arbeidstakarar.

– Dei som ikkje har flytta hit, men reiser fram og tilbake, jobbar mest mogleg når dei er i Norge, fortel Ødegård.

Men UDI seier dei i sommar har hatt strengare kontroll på at bøndene følgjer tariffen.

– Det er eit vilkår som vil virke mot sosial dumping, seier Krange i UDI .