Hopp til innhold

Ein omkom i motorsykkelulykke

Det var den 16 år gamle Bjørn-Arild Høyvik frå Førde som omkom i ulukka ved Osland i Asvoll laurdag kveld. Høyvik var passasjer på motorsykkelen. Ein annan 16-åring er skadd etter at dei køyrde utfor vegen, han hadde ikkje førarkort.

Motorsykkelulukke ved Flokeneset

MC-ULUKKE: Ein motorsykkel med to personar har køyrt utfor vegen ved Flokeneset.

Foto: Frode Stang

Ulukka skjedde på riksveg 609 i 20:30-tida. Både luftambulansen og Sea King-helikopter frå Florø blei kalla ut. Også politi, brannvesen og ambulansar rykka ut.

Ved midnatt vart det klart at ulykka enda med eit dødsfall. 16-åringen som omkom skal ha vore passasjer.

– Ein person er stadfesta omkommen etter utforkøyringa. Den andre er lagt inn på sjukehus i Førde, opplyser operasjonssentralen.

AMK seier til NRK.no at 16-åringen som er innlagt ved sjukehuset, er lettare skadd og ligg til overvaking på intensiv avdeling.

Den lette 125 cc motorsykkelen skal ha komme utfor vegen og sklidd under autovernet. Ingen andre køyretøy var involvert i ulukka.

Politiet melder at ulykkesgruppa frå Statens vegvesen hjelper til med åstadsarbeidet, men vil ikkje kommentere saka nærmare.

Vegen var stengd ved ulukkesstaden, men vegen er no opna for fri ferdsel på staden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.