Hopp til innhold

Hanne Kristine framleis sakna

20 år gamle Hanne Kristine Fridtun frå Stryn er framleis sakna etter tragedien på Utøya fredag.

Hanne Kristine Fridtun

SAKNA: Hanne Kristine Fridtun. Privat foto, brukt med løyve frå familien.

Foto: privat foto

AUF-leiaren i Sogn og Fjordane var på ungdomsleiren på øya då 68 personar blei drepne.

Klokka 18 i dag frigjorde politiet dei første namna på dei som omkom etter bombeangrepet i Oslo og skytinga på Utøya. Det er fire namn på lista, og Fridtun er ikkje mellom desse.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva, har tidlegare stadfesta at Fridtun ikkje er blant dei skadde som er innlagt på ulike sjukehus i Austlandsområdet.

Dei fire andre frå Sogn og Fjordane som var på leiren, er komne til rette. I følgje politiet blei 68 personar drepne på Utøya og åtte i regjeringskvartalet i Oslo. Det blir framleis leita etter personar, både i Tyrifjorden og i Oslo.

Fakkeltog i Førde

MINNAST OFRA: Tusenvis gjekk måndag kveld i fakkel- og blomstertog i Sogn og Fjordane. Mange la ned blomster og tende lys. Også i resten av landet blei det vist omsorg og omtanke for ofra og dei pårørande etter terrorangrepa.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK