Hopp til innhold

Her kan du møte folk å snakke med

Førde Røde Kors opnar døra i Røde Korsbygget for dei som treng nokon å snakke med om terrorhandlingane. Også kyrkjene tek omsyn til tragedien i Oslo og på Utøya.

Opnar døra i Røde Korsbygget

Magnhild Helgås, nestleiar Førde Røde Kors. Pål A. Dahl, Leiar i Førde Røde Kors Hjelpekorps. Eva Hove Sæterdal, frivillig.

Foto: Margunn Masdal / Røde Kors

– Det var naturleg å følgje presidenten i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv si oppmoding om å vere tilstades og gi mellommenneskeleg støtte, seier nestleiar i Førde Røde Kors Magnhild Helgøy.

Pål A Dahl, som er korpsleiar i Førde, seier nyheitene om det som skjedde på Utøya og i Oslo, der minst 91 er personar til no er omkomne er heilt uverkelege.

– Folk treng ikkje vere direkte berørte av terrorhandlingane for å ta kontakt. Dersom dei føler dei treng nokon å snakke med om til dømes bileta dei har sett tv, er det berre å ta kontakt, seier Dahl.

– Det kan dei gjere anten direkte på Røde Korsbygget eller på telefon.

I Førde som hos fleire lokalforeiningar rundt om i Noreg vert det halde opne Røde Korshus for folk som treng å komme saman eller nokon å snakke med.

Ta kontakt med Førde Røde Kors:
Magnhild Helgøy tlf: 950 78 748
Pål A. Dahl tlf: 907 26 095
Eva Hove Sæterdal tlf: 915 65 503

Også i kyrkjene rundt om i fylket vil det søndag bli markeringar undervegs i gudstenestene.

Prost i Sunnfjord, Rigmor Frøyen, seier at Førde kyrkje vi holde ope i morgon, fram til klokka 14.00.