Hopp til innhold

Ingen skadd i Sp.

Generalsekretæren i Senterpartiet er rysta over det som har skjedd i Oslo i ettermiddag.

eksplosjon oslo
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Politiet har stadfesta at det er ei eller fleire bomber som har gått av i Regjeringskvartalet.

Mest truleg skjedde eksplosjonen mellom Grubbegata og Einar Gerhardsens plass. Fleire er hardt skadde, og klokka 18 .00 var to personar stadfesta omkomne.

Partileiaren ikkje skadd

– Etter det eg kjenner til så er alle våre folk i tryggleik, seier Olsen.

Partileiar Liv Signe Navarsete stadfestar til Firda.no at ho er i tryggleik.

– Eg er på veg til Bergen og var ikkje i området då det skjedde. Det er heilt uverkeleg akkurat no. Eg kjenner jo mange som jobbar i regjeringsbygget, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til firda.no.

Knut M. Olsen er på ferie i Jølster, men har kontor tett ved eksplosjonsstaden.

– Kontoret mitt ligg ikkje langt ned i gata. Eg går gjennom det området fleire gongar kvar dag, seier Olsen.

- Hadde kjempeflaks

Olsen seier at ein av dei tilsette i politisk leiing i Senterpartiet var svært nær å bli skadd.

– Ein av våre hadde kjempeflaks. Ho stod rett bak bussholdeplassen i Grubbegata der det small, og såg ein vegg av glas kome mot seg, seier Olsen.

– Det heile er heilt uverkeleg, seier generalsekretæren.

Olsen seier at ingen i politisk leiing i Olje- og energidepartementet var på jobb då bomba gjekk av. Olje- og energidepartementet skal vere eit av bygga som er hardast skadd.

- Det som no er viktig er å ta hand om dei som er skadd, og samstundes jobbe parallelt med politiet for å få tatt dei som har gjort det, seier Olsen.