Hopp til innhold

Rygg Årdal sletta juniorrekord

Marte Rygg Årdal (Gloppen FIL) sette måndag ny norsk juniorrekord (U20) i slegge.

Marte Rygg Årdal

SLETTA REKORD: Marte Rygg Årdal frå Gloppen FIL sletta lagveninne Trude Raad sin to år gamle juniorrekord i slegge.

Foto: Sander Heggheim

Den nye rekorden er på 62,73, og vart sett under eit stemne i Sverige.

- Det var veldig, veldig kjekt. Eg har vore fleire gonger over 60 meter på trening, men har ikkje klart det på stemne. Så det var litt i overkant med tre kast over 61 meter, jublar Marte Rygg Årdal.

- Tok med eit smil

Rekorden er ei forbetring av klubbveninne Trude Raad sin to år gamle rekord, med 21 centimeter.

- Ho tok det med smil om munnen. Eg byrjar å ta litt innpå no, men Trude kjem nok med respons om ikkje så lenge, ler Rygg Årdal.

Rekorden kom i det sjette og siste av ei rekkje gode kast under eit stemne i Sverige måndag. Fleire av kasta var over 60 meter, som alle var godt over personleg rekord.

Vil til finalen

Årdal er no berre ni centimeter bak gjeldande U23 rekord som Mona Holm sette i Bergen i august 2006.

Det lovar godt til sommarens junior-EM i Tallin.

- Det store målet i år er å komme til finalen. Kaster eg som i går, så burde ikkje det vere noko problem, seier Rygg Årdal som håpar å vere mellom dei 12 som går vidare frå innleiande runde.

EM-medalje?

Noko EM-medalje vågar ho derimot ikkje å håpe på. Meisterskapen går av stabelen 21. til 24. juli. Rygg Aardal reiser nedover to dagar før EM startar.

- Då må eg nok heve meg litt. I fjor meiner eg bronsen gjekk på kring 64 meter. Eg har framleis litt å jobbe med teknisk, og så må ein ha dagen. Skal eg vere blant dei åtte som får kaste finaleomgangen, så må eg ha ei god dag. Men det er lov å håpe, seier ho.