Hopp til innhold

- Dette er ein revolusjon

Lukka ståltankar kan hjelpe oppdrettarane med å få bukt med lakserømming.

Video Lukka oppdrettsanlegg er framtida

SJÅ TV-SAKA: Gunnar Stavøstrand meiner at lukka ståltankar kan bety slutten på problem med rømming, lakselus og ureining.

- Det er ganske revolusjonerande. Vi presenterer ei løysing som oppdrettarane har sett etter i lang tid, seier gründer og dagleg leiar i West Innovation, Gunnar Stavøstrand.

Lakselus og ureining

I dag kunne Stavøstrand vise fram framtidas oppdrettsanlegg for næringslivsfolk og oppdrettarar på Svanøy i Flora kommune. Lukka ståltankar skal senkast ned i fjorden. Det kan vere eit bidrag til å få slutt på problemet med rømming, lakselus og ureining.

Regjeringa positiv

Statssekretær i Fiskeridepartementet, Kristine Gramstad, har tru på løysinga frå pionerane på Svanøy.

- Vi har i fleire rapportar sett at lukka anlegg er med på å redusere lakselus. Anlegga kan minke avfallet frå lakseanlegga og kan også redusere talet på rømmingar. Så det er mange fordelar med lukka anlegg, seier Gramstad.

Dyrare

Håpet til Gunnar Stavøstrand er at første modell kan senkast i sjøen neste år. Eit anlegg med seks tankar kostar 80 millionar kroner. Det er dyrare å produsere laksen i lukka anlegg, men Stavøstrand meiner likevel at vinsten er stor.

- Det vil svare seg på sikt. Og eg trur òg at miljøfordelene vil gi næringa eit betre omdøme blant folk.