Hopp til innhold

- Lakselusa er ute av kontroll

Ny rapport viser at lakselussituasjonen langs norskekysten er kraftig forverra.

Laks skadd av lakselus

LAKSELUS: Villfisken er råka av urovekkjande mykje lakselus. Sjølv om oppdrettsfisken får delar av skulda, vil ikkje fiskeriministeren redusere tal oppdrettsanlegg.

Foto: John Øystein Berg, Foto: John Øystein Berg

Kvartalsrapporten som Mattilsynet la fram i dag, uroar Norges jeger og fiskeforbund. Særleg er sjøauren hardt råka av lusa.

Spesielt er situasjonen ille i Ryfylke, i midtre og indre Hardangerfjordsystemet, og yttarst i Sognefjorden og Trondheimsfjorden.

– Dette er svært dramatisk. Vi hadde rekna med at samordna avlusing skulle gitt resultat. Diverre viser det seg at lusenivået er altfor høgt for smolten som skal vandre ut, seier Bjarne Huseklepp, styremedlem i Norges jeger og fiskeforbund.

– Verst tenkeleg tidspunkt

I midtre del av Hardangerfjorden hadde dei fleste sjøaurane i snitt 50 lus, men mange hadde fleire hundre. Får ein fisk over ti lakselus, er det store sjansar for at den vil døy.

I midten av mai vart det registrert uvanleg høgt infeksjonsnivå også på laksesmolt både i Hardanger og yttarst i Sognefjorden.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Sterk økning av lakselus

SJÅ: Villfisken er råka av urovekkjande mykje lakselus.

– Dette skjer på verst tenkeleg tidspunkt for villaksen. Situasjonen er ute av kontroll. No må dette få følgjer i form av redusert tal oppdrettsfisk i sjøen, seier generalsekretær i NJFF, Bjarne Oppegård.

Må hjelpe oppdrettarane

Også Huseklepp meiner rapporten må få følgjer i form av redusert tal oppdrettsfisk i sjøen.

Bjarne Huseklepp med laks

UROA: Bjarne Huseklepp.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er to ting som kan gjerast: At Mattilsynet brukar dei middel dei har for å få situasjonen under kontroll. Om ein ikkje klarer det, så må ein redusere tal fisk som står i sjøen. Når oppdrettarane gjer det dei kan, men likevel ikkje får lakselusa ut, så er må ein redusere tal fisk i sjøen. Oppdrettarane ser ikkje ut til å klare jobben åleine, seier Huseklepp.

Overraskande resultat

At lakselussituasjonen er kraftig forverra, kjem som ei stor overrasking også på Regionsdirektør i Mattilsynet, Roald Vaage. For medan lakselusa blomstrar på villfisken, er situasjonen noko betre for oppdrettsfisken i merdane.

Vaage har ingen god forklaring på kvifor utviklinga er blitt slik.

– Uroa er knytt til at vi får litt overraskande resultat på villfisken. Resultatet skulle kanskje vore endå betre enn i fjor, men så får vi resultat i motsett retning, seier han.

Ny forskrift?

Overvakinga av lakselusa langs norskekysten blir koordinert av Havforskningsinstituttet og blitt uført i samarbeid med Norsk institutt for naturforskning (NINA), Rådgivende biologer (RB) og UNI Miljø.

Ein endeleg rapport blir presentert Mattilsynet på slutten av året.

I Hordaland er Mattilsynet allereie i gang med ei ny forskrift for fylket. Det kan også bli aktuelt for Sogn og Fjordane.

– Det er venta at lusemengda også vil auke nordover, men vi får krysse fingrane og håpe at det ikkje skjer, seier Vaage.

Må forbetre regelverk

Ingrid Heggø, som sit i Næringskomiteen på Stortinget, meiner regelverket for overvaking og bekjemping av lakselus må forbetrast.

– Vi må få meir kunnskap for å kjempe mot lakselus effektivt. Då må vi auke innsatsen på alle frontar. Også dette at vi må følgje opp bærekraftstrategien der vi lanserte 29 tiltak. Mange av dei er gjennomført, nokon er igangsett, men det tek tid å få resultatet av det vi har igangsett. Det siste er at Mattilsynet må bruke dei verkty dei har fått tildelt, seier Heggø.

Vil lukke merdane

Dei førebelse resultata tyder på at 2011 kan bli eit år med svært høgt infeksjonspress langs store delar av Vest- og Midt-Norge.

Huseklepp fryktar følgjene.

– Noko må gjerast straks. På sikt bør ein jobbe for tette oppdrettsanlegg. Då har ein kontroll på rømming, kontroll på lus og ein har kontroll på forureining frå oppdrettsanlegg, seier Huseklepp.