Hopp til innhold

Vil rydda opp i langvarig reiselivskrangel i Sogn

Partane har krangla i fleire år. No forventar fylkeskommunen at reiselivet i Aurland, Flåm og Lærdal finn ei snarleg løysing på den langvarige striden.

Jan Heggheim opna reiselivskonferansen

KRITISK: Næringsdirektør i fylkeskommunen, har no teke initiativ til ei fredsløysing mellom dei kranglande reiselivsaktørane i Aurland.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Direktør for næring i fylkeskommunen, Jan Heggheim, går no direkte inn i den langvarige striden mellom Aurland Ressursutvikling AS og Aurland og Lærdal Reiselivslag.

Ifølgje lokalmagasinet Aurlendingen har Heggheim sendt eit brev til dei to partane og oppmoda om semje.

Open strid

Det har i fleire år vore ein open krangel mellom dei to partane, noko som toppa seg med at ressursutviklinga melde alle sine medlemsbedrifter ut av reiselivslaget i 2010. Det gjeld Flåm Utvikling AS, Fretheim Hotell, Fjord Oppleving og Flåmsbana Museum.

Striden dreier seg i hovudsak om organisering av reiselivet i regionen. Reiselivslaget ønskjer å ha ei fast medlemsbetaling frå bedriftene etter den tradisjonell modellen, medan ressursutviklinga ønskjer ein grunnkontingent og meir frie midlar til å jobba med prosjekt. Dei ønskjer og å få etablert eit stort reisemålselskap for heile Indre Sogn. Det er og ei kjend sak at personkjemien i reiselivsnæringa i Aurland kommune ikkje alltid har vore like god.

Etter det NRK kjenner til har det nyleg vore meklingsmøte der Jan Heggheim tok eit direkte initiativ til å få ei varig våpenkvile mellom dei to partane.

Styreleiar i Aurland Ressursutvikling, Ivar Bjarne Underdal, stadfestar at det har vore eit møte, og at han no vonar dei vil kome til ei semje.

– Det er berre éin måte å løyse dette på, og det er å setja seg ned og snu alle steinar og tenkja rasjonelt igjennom dei erfaringane som er gjort i andre regionar for å få til ei modernisering av reisemålsarbeidet, seier styreleiar Ivar Bjarne Underdal til NRK Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Krevjande krangel

Flåmsbana - Flåm stasjon

TURISTMAGNET: Medan reiselivstoppane har krangla, har det vore ein enda større auke i talet på reisande i Aurland, Flåm og Lærdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han meiner at det ikkje er lurt å rippa opp i det han meiner er mislukka forsøk på dialog.

– Det er sikkert feil på begge sider der, men det er vel kanskje alltid krevjande å kommunisera at ein sjølv har behov for å tenka større. Ressursutviklinga ønskjer å styrka det arbeidet som naturleg skal skje lokalt, som vertskap og produktutvikling, men også å styrka det arbeidet som må skje regionalt. Slik som å marknadsføra og setja regionen på kartet på global basis, slår Underdal fast.

Ordførar i Aurland, Olav Ellingsen, er knapp, men klar i sin kommentar.

– No må dei klara å bli vener. Det forventar eg, seier Ellingsen.

Må ordna opp

Næringsdirektør Jan Heggheim er overtydd om at det no er heilt naudsynt at kranglefantane i Aurland tenkjer seg om og blir vener, dersom ein ønskjer eit felles løft for den populære reiselivskommunen og regionen elles.

– Særleg i Sognefjorden-regionen er det viktig for oss at vi får til eit godt samarbeid. Tyngdepunktet i Sogn ligg i Aurland / Lærdal, og det har vore litt samarbeidsproblem har vi notert oss, og difor har eg teke dette initiativet. Eg har heller sagt at historie får vere historie, seier Heggheim til NRK.

– Er det rett at fylkeskommunen skal vera fredsmeklar i ein slik strid?

– Vi har forventningar om ein prosess som vi skal få i gang utvikling og tenke gode reiselivsprodukt. Det er partane sjølv som må løyse dette her. Vi tilbyr berre rett og slett litt prosesshjelp og vera med og løyse opp i ein knute. Eg synest det er naturleg at det offentlege tek den rolla.