Torsdag tok Elen Marie Årdal bilde av ørna ho meiner forsynte seg av saueflokken hennar. Kvelden før hadde eit lam sprunge friskt omkring på bøen, morgonen etter var det berre nokre beinrestar att.
– Det er fortvilande at lamma ikkje skal få gå i fred på heimebeite, seier saueeigaren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Opp mot åtte ørner i samme tre
Elen Marie Årdal er ikkje den einaste i Jølster som er redd for lamma sine. Fleire sauebønder NRK har snakka med, har både sett ørn og funne kadaver på heimbeite.
– I fjor vart det telt åtte ørner i eitt og same tre, fortel sauebonde Rune Årdal. Han har sjølv sett at ørner lande blant beitande dyr, og meiner dette har blitt eit vanleg fenomen i bygda.
Når ørna har forsynt seg er det ofte berre nokre restar at, og sauebonden meiner difor det kan vere vanskeleg å vite om lamma var levande eller daude, då ørna slo til.
Ber sauebøndene melde frå
Rovviltkontakt i Sunnfjord, Finn Olav Myhren, har også fått fleire meldingar frå bønder som har funne daude kadaver på heimbeite.
Han oppmodar difor eigarane om å ta kontakt, dersom dei finn daude lam.
– Dersom vi får undersøkt kandaveret, kan vi finne ut om ørna har drept lammet eller om det har dødd av seg sjølv, forklarar Myhren.
I fjor vart det gjort tilsvarande funn i Eikefjorden, og der vart slått fast at ørn hadde vore på ferde.
Det er opp til Fylkesmannen å avgjere om ein kan få fellingsløyve på ørn, og det er også staten som avgjer om bøndene skal få erstatning for tap på beite.
Trudde ikkje det kunne skje
Elen Marie Årdal har alltid vore redd for at reven skulle ta lamma hennar, men at ørnene skulle kretse rundt huset til familien, det hadde ho ikkje trudd.
– I går ringe ein nabo og ba meg passe på sauene våre, for då hadde han observert to ørner i lufta, fortel Årdal.
Ho har sauene og lamma gåande i låglandet heile sommaren, og kjem ikkje til å sleppe dei av syne denne sommaren.