Hopp til innhold

Får ikkje skyte ørn

Fylkesmannen har avslege ein søknad om fellingsløyve på kongeørn i Leikanger kommune.
 

Grunngjevinga er at berre eitt 1 lam er funne skada og måtte avlivast, opplyser Fylkesmannen.

Det er ein saueeigar som manglar til saman 18 lam, men berre har funne eit kadaver, som har søkt om løyve.

Det er i tillegg gått lang tid sidan skadetilfellet, noko som gjer det umogleg å felle det rette skadegjerande dyret slik lovverket krev.