Hopp til innhold

Kvinne skadd i sykkelulykke

Ein syklist klarte ikkje å stoppe for ein bil i Førde sentrum.

Syklist påkøyrd i Førde

PÅKØYRD: Ein syklist vart påkøyrd i Askvoll-krysset i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det opplyser politiet. Syklisten er påkøyrd i Askvoll-krysset mellom E39 og fylkesveg 609.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 11.26. Ei jente i slutten av tenåra klarte ikkje å bremse og køyrde rett inn i sida på ein bil.

Kvinna er sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse. Skadeomfanget er ikkje kjend, men kvinna skal ikkje vere alvorleg skadd.