Lesarane av NRK.no skal kåre den tøffaste russebilen i fylket, men til no har det berre kome inn eitt bidrag i russebil-konkurransen til NRK Sogn og Fjordane.
- BLI MED: Vil du delta i konkurransen?
Linda Hjelle og dei seks andre russejentene bak BOOBilen meiner dei har den kulaste russebilen i fylket. Er din bil kulare?
Satsa på heimekosleg og personleg preg
Russejentene Lene Nordbotten, Marta Gundersen, Linda Hjelle, Oda Marie Lyslo, Maria Vårdal Haugland, Oda Solheim og Ida H. Frøyen er svært nøgde med russebilen deira.
– Bilen vår har aldri vore russebil før. Vi har pussa den opp og gjort absolutt alt sjølv; både med interiøret og designet. Vi fekk ingenting opp i hendene då vi kjøpte den, seier Hjelle.
Innvendig har jentene prøvd å lage det så heimekosleg som mogleg. For dei har det å setje eit personleg preg på bilen vore viktig.
Bordet har dei laga sjølv. Dei har saga hol til koppar, dei har sydd eige setetrekk, fiksa stereoanlegg, laga gulv av kunstgras og designa klistermerke og bilete bakpå puppebilen. Jentene påstår sjølve at dei er topplause på det spenstige biletet bak på bilen.
I tillegg har dei dekorert taket med mange bilete innvendig.
(Artikkelen held fram under biletet)
Motoren vart øydelagt tre dagar før russetida
Sjølv om jentene er nøgde med resultatet, har det ikkje berre vore medgang. Jentene fortel at dei toppakninga på bilen rauk tre dagar før russetida starta.
– Vi måtte bytte ut heile motoren, samt eksosanlegg, bremser og girkasse. Det kosta oss mykje tid, pengar og energi. Men heldigvis fekk vi bilen på vegen igjen i siste liten, seier Hjelle.
Trass i motgangen har jentene hatt det kjekt i arbeidet med bilen. Dei fortel dei har arbeidd motivert og godt med bilen i heile vinter.
Vil du delta i konkurransen?
Lesarane av NRK.no skal kåre den kulaste russebilen i Sogn og Fjordane. For å delta må du sende inn bilete av russebilen din.
Premien er eit gåvekort på ein pizzarestaurant for heile russegjengen som eig vinnarbilen. Gåvekortet er på 2000 kroner og kan nyttast på ein valfri pizzarestaurant i Sogn og Fjordane.