Hopp til innhold

Fulle hus for Helena og førkjene

– Eg er strålande nøgd og blid som ei sol i dag, seier Gro Grimsø som saman med søstera Helena Bremar har laga showet «Helena og førkjene».

Det nylaga komishowet har fått god mottaking i påska. Både på Hafslo og i Vik stilte bygdafolket opp for å sjå sju elleville damer på scena.

To fulle hus gjer at Grimsø jublar i dag, men ho er nesten stemmelaus etter showa og feiring med champagne i går kveld.

– Det var trampeklapp og folk ropte på meir, seier ho.

Kvinner på godt og vondt

Søstrene kjem opphavleg frå Hafslo i Luster. Dei har skrive eit stykke som viser eit vidt spekter av kvinnetypar, både humoristisk og alvorleg. Og førkje er for Grimsø eit positivt ord.

– Det er ei «stor» og sterk kvinne, ei som har ei litt fandeivolsk haldning til kva andre tykkjer og meiner. Vi kvinner er jo ikkje alltid like enkle, og vi fortel om kvinneliv på godt og vondt, humor og alvor, seier Gro Grimsø.

– Ei elektrisk stemning

Første framsyning var på Hafslo der farsida kjem frå. Påskeafta stod Vik for tur, og det var ikkje tilfeldig.

– Her kjem morsida frå, så begge stader var som å komme heim. Det var ei elektrisk stemning begge stader.

Ho vil også trekkje fram dei fem andre damene som står på scena.

– Dei er fantastiske skodespelarar og nokre flotte songarar. Eg må også trekkje fram Agnar som held ut med oss, han er ein sterk mann, humrar Grimsø.

Kjenner igjen figurane

Også einaste mannen i stykket, Agnar Gjelsvik, seier dei har fått ei strålande mottaking.

– Dette har vore ein kjempesuksess. Folk ler på fleire stader enn vi hadde tenkt, og det er eit godt teikn, fortel han.

Gjelsvik er med som gitarist og syng nokre strofer på ein song. Han kosar seg, men seier det å vere einaste mannen kan vere heftig.

– Men eg har det kjempefint, og nokre av figurane i showet kan eg jo kjenne igjen frå damer eg har møtt.

Bergen neste helg

Neste helg blir showet vist på Hotel Norge og deretter blir det to framsyningar i Førde i juni. Grimsø trur det kan bli fleire.

– Eg håper det går så bra at vi frå moglegheitene til det, seier ho.

I morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane på tydag, kan du høyre kva kulturmeldar Hans Jakob Reite tykkjer om showet «Helena og førkjene».