Hopp til innhold

Hadde huset fullt i røyk og alkohol

Under pågriping og ransaking frann politiet fleire hundre liter brenneving og øl, samt fleire tusen sigarettar.

Beslag hos sunnfjording.

SMUGLING: Dette beslaget gjorde politiet hos floraværingen. - Det er eit stort beslag i vår målestokk, seier etterforskingsleiar Jan Bjarte Skrøppa.

Foto: Politiet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein floraværing i slutten av 40-åra er sikta for brot på tollova. I midten mars kom politiet over store mengder smuglarvarer i bustaden til mannen.

- Mistanken mot mannen kom etter ein aksjon som politiet og tollvesenet gjorde i Bergen tidlegare i vinter. Vi mistenkjer at han medverka til det som skjedde der nede, seier etterforskingsleiar Jan Bjarte Skrøppa ved Flora politistasjon.

- Organisert

Beslaget i Hordaland er truleg på om lag same storleik som beslaget i Florø. Skrøppa presiserer at han ikkje kjenner detaljane i beslaget i Bergen.

Politiet mistenkjer også at mannen skal ha drive vidaresal av brennevin. Dei utelukkar ikkje at fleire kan bli involverte i saka, og mistenkjer at verksemda har vore organisert.

- Vi kan ikkje utelukke at fleire kan komme i søkjelyset. Ut frå mengda, så er det ting som tyder på at det er folk som har drive litt større, seier han.

- Lovleg handel

Ifølgje politiet skal mannen ha erkjent delvis straffskuld for siktelsen. Han sat varetektsfengsla i 14 dagar etter pågripinga. Forsvararen til mannen, Stig Nybø, ynskjer ikkje å gå i detalj på forklaringa til den sikta mannen.

- Min klient erkjenner å ha hatt alkohol i heimen, men seier han har skaffa den på lovleg vis. At han skal ha drive vidaresal er heilt ukjent for han, seier Nybø.

Saka er framleis under etterforsking ved Flora politistasjon.