Politiet fekk melding om uhellet ved Skarstein ved to-tida natt til fredag.
Delvis i fjorden
– Det må to bergingsbilar til for å få fjerna vogntoget. Vegen vil tidlegast opne igjen klokka elleve, sa operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt i 06.00-tida.
Ifølgje ein NRK.no-tipsar ligg vogna delvis ut i fjorden. Ingen personar vart skadde i uhellet, opplyser politiet.
Klokka 10.35 pågjekk det framleis bilberging ved Skarstein, men det er no mogleg å passere. Statens vegvesen reknar med at vegen vil vere ferdig rydda i løpet av føremiddagen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Kjem seg ikkje på skule og jobb
Vegstenginga har skapt vanskar for både skuleelevar og dei som skal på jobb. Heile administrasjonen ved Olden skule seg ikkje på jobb i dag tidleg, og rundt 30 elevar vart råka.
Inspektør Terje Raftevold var på «feil» side av vogntoget, og har arbeidd heime i morgontimane.
– Vi har sett i gang ein aksjon for å gje alle beskjed om vegstenginga. Fjord1 vil setje opp buss når vegen opnar igjen i elleve-tida. Her heime har vi forskjellig anna å gjere. Det er jo helg snart, så vi må jo vaske hus mellom anna, spøker Raftevold.
Politiet veit ikkje kva som er årsaka til ulykka.