Hopp til innhold

Fann kadaver under gaupejakt

På jakt etter gaupe kom jegrar i helga over tre kadaver i Lærdal.

Gaupe

VANDRAR I SOGN: Det er observert Gaupe fleire stader i Lærdal. Illustrasjonsfoto

Foto: SVEIN OPPHEIM / Scanpix

Ei rekkje jegrar har i helga jakta ferske gaupespor i Lærdalsdalen, men rovdyret låg heile tida i forkant av jegrane.

– Gaupa har stålkontroll på natta, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn til Sogn Avis.

Mobiliserte

Jegrane var raskt i aksjon etter at det vart observert gaupe over Seltatunnelen i Lærdalsdalen fredag. Dei følgde spora og kom over restane av to rådyr og ein hjort, skriv avisa.

Eit av kadavera låg tett inntil busetnaden i Borgund.

Spor fleire stader

Finn Olav Myren i det interkommunale jaktlaget i fylket fortel til Sogn Avis at jegrane hadde los på gaupa frå laurdag ettermiddag til langt ut på natta, men utan å lykkast.

Det er sett spor etter gaupe fleire stader i Lærdal. Golf i naturoppsynet trur det kan vere snakk om same dyret.

– Dei går over veldig store område på kort tid, seier han.