Hopp til innhold

UNESCO-pris til Førdefestivalen

Førdefestivalen sitt talentprosjekt har fått gjev pris.

Unesco-pris til Førdefestivalen

PRIS: Førdefestivalen har fått Unesco-pris.

Foto: Knut Utler / Førdefestivalen

Talent 2008 har fått UNESCO-tittelen «Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds» . Det skriv Førdefestivalen i ei pressemelding.

Tittelen er ein heider til unge artistar for arbeidet deira for å fremje dialogen mellom arabisk og vestleg kultur.

Innovativt prosjekt

Naustdalsjenta Ingrid Stuhaug var ein av tre norske musikarar i Talent 2008. Prosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane med stønad frå Utanriksdepartementet. Prosjektet har blitt arrangert kvart år sidan 1995.

Det er ei stor glede for oss at Talent-prosjektet frå 2008 har blitt valt ut til å få ein så viktig heider. Dette treff kjernen i prosjektet vårt! Det er nettopp det vi ønskjer med Talent, å skape møteplassar, at unge musikarar får meir kjennskap til kvarandre på tvers av kulturar.

Direktør Hilde Bjørkum for Førdefestivalen

I grunngjevinga for prisen står det at Talent 2008 er eit innovativt prosjekt og eit døme på framifrå arbeid for å auke felles forståing og kulturell utveksling gjennom musikk.

I 2008 var deltakarane i Talent frå Noreg, Egypt og Palestina, og møttest både under Førdefestivalen og året etter i Egypt.

– Ei stor ære

Ein av musikarane som var med frå Norge i 2008, var felespelaren Ingrid Stuhaug frå Naustdal. Ho vart veldig glad da ho fekk høyre om tittelen:

– Dette var utruleg kjekt. Eg vart veldig overraska då eg fekk meldinga. Eg er stolt, sjølvsagt, og det blir veldig kjekt å reise til Paris og motta prisen – og ikkje minst møte igjen alle i prosjektet, seier Stuhaug og legg til:

– Vi hadde eit utruleg flott samarbeid med ungdommane frå Palestina og Egypt. Ein av songane vi spelte inn i Kairo har rundt 20000 avspelingar! Det tyder på at også andre synest samarbeidet vårt er vellukka.

UNESCO-tittelen vert delt ut på Unesco sitt hovudkontor i Paris 13. april.