Hopp til innhold

Russisk skip ute av arrest

I snart eitt år har den russiske trålaren lege i arrest på Stadlandet. No er den frislept. Men båten ligg der endå.

Russisk trålar i Selje

FRI: Denne russiske trålaren låg i arrest frå juni til november. No er den fri, men ligg framleis til kai i Borgundvåg på Stadlandet. Ombord sit to menn som lengtar heim.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sidan juni i fjor har ein russisk fisketrålar lege til kai i Borgundvågen på Stadlandet.

Den vart teken i arrest etter at reiarlaget ikkje betalte rekningane sine. No er selskapet konkurs, og båten frislept. Men den ligg der endå.

– Båten er ikkje lenger i arrest. Det vart gjeve avkall på arresten i slutten av november i fjor, seier lensmann Bård Didriksen i Selje.

Mat, straum og vatn

Han har hatt kontakt med Ervik Havfiske som har opptredd som agent for båten. Dei seier at det heile tida har vore to mann ombord, og som framleis bur i båten.

– Dei har det bra. Dei har mat, straum og dei får tilkøyrt vatn. Mannskapet har det greit.

Det er mykje takka vere Ervik Havfiske som har stilt opp for det austeuropeiske mannskapet. Men det er ikkje over enno.

Eigaren er konkurs

– Firmaet som eig båten har gått konkurs. Det jobbast frå fleire hald, mellom frå Ervik Havfiske si side, for å finne ei løysing på dette.

– Ifølgje bustyrar i Russland så er det mogleg at båten kan bli selt til ein kjøpar i Litauen. Men når det er eit bustyre inne i biletet, og dei held til i eit anna land, så tek ting tid.

Uviss framtid

Dermed er det uklårt kva som vil skje med både mannskapet, og båten. Politiet har ikkje lenger noko rolle i det.

– No som eigaren er orientert om frigjevinga, har ikkje politiet ei formell rolle i dette lenger, seier lensmann Bård Didriksen til NRK.

Russisk trålar i Selje

TO MANN OMBORD: Framleis bur to av mannskapet ombord i båten. Lagnaden til både dei og båten er uviss.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannskapet skifta ut

Driftsansvarleg Stig Ervik i Ervik Havfiske har heile tida hatt kontakt med dei som er ombord. Han fortel at mannskapet ombord har blitt skifta ut i løpet av desse månadene.

– Dei har vore nokre månader om gongen, og så har det kome nye. Vi har sørga for vatn og straum og dei har halde seg med russarane som jobbar i selskapet vårt. Så eg trur ikkje dei har lidd noko naud.

Bubestyraren skal no finne ut om dei har lov å selje båten.

– Det skulle dei få vite snart. Eg veit om fleire som kan vere interessert i båten, seier Ervik.