Hopp til innhold

Slik blir vitskap meir spennande

Energikjelder, klima, eksperiment og naturvitskap. Høyres dette spennande ut? Då bør du besøke Newton-rommet på Firda vidaregåande skule på Sandane.

Newton-rom på Sandane
Foto: Kristine Aaberg Ruud/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ungdomsprogrammet Newton på NRK1 har gjort fysikk, kjemi og anna vitskap meir forståeleg også for den yngre garde. Newton-rommet har som mål å gjere det same.

Kva gjer ein i eit Newton-rom?

På plass i Newton-rommet

Spreke fargar og moderne utstyr skal vere med å pirre interesa for det naturvitskaplege.

Foto: Kristine Aaberg Ruud/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rommet på Firda vidaregåane skule opnar onsdag, og er tilrettelagt for aktivitetsbasert læring. Elevar i både grunnskule og på vidaregåande skal gjennom deltaking og eigne erfaringar utvikle interesse for dei naturvitskaplege faga.

- Elevar er med på øvingar, eksperiment og kan stille spørsmål kring dei aktuelle tema. Eg håpar det blir eit rom som stimulerer elevar til å velje realfag i utdanninga si, seier lærar Kristine Aaberg Ruud ved Firda vidaregåande skule i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Rommet kan bli endå større

Konseptet Newton-rom er utvikla av FIRST Scandinavia i samarbeid med ressurspersonar i skule og næringsliv. FIRST Scandinavia er ei ideell stifting som har som føremål å stimulere barn si interesse for naturvitskap.

Newton-rommet på Sandane er det fyrste i sitt slag i Sogn og Fjordane. Og med tida kan det aktuelt å gjere det større.

Artikkelen held fram under biletet.

Undervisning i Newton-rommet

Elevar får undervisning i det nye Newton-rommet.

Foto: Kristine Aaberg Ruud/Sogn og Fjordane fylkeskommune

- Vi ynskjer i utgangspunktet å satse på eit hovudtema, energi og klima, men det kan bli aktuelt å utvide med fleire tema, seier Aaberg Ruud.

Ho legg til:

- Energikjelder og klimaendringar er sentrale tema i samfunnsdebatten og vil verte endå viktigare i åra framover.