Hopp til innhold

Bråtebrann kom ut av kontroll

Politi og brannvesen har rykt ut til ein bråtebrann som kom ut av kontroll i Berle i Bremanger.

Bråtebrann ute av kontroll i Berle i Bremanger

BRANN: 20 brannmannskap jobba i kveld for å få kontroll på flammane ved Myrvang i Bremanger.

Foto: NRK.no-tipsar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Brannvesenet fekk melding om brannen på Myrvang rundt klokka fire onsdag ettermiddag.

Aksjonen vart avslutta ved 19.30-tida, men det vil vere brannvakt på staden i heile natt.

Frykta brann i gardsbruk

– Det er tørt i marka og vi fryktar at brannen skal spreie seg, sa vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane ved 18-tida.

Det var hus i nærleiken av brannen, og brannvesenet jobba på spreng for å hindre at brannen skal spreie seg til ein bondegard.

– Alle tilgjengelege mannskap er på staden. Vi har kalla ut rundt 20 mann. Det brenn ganske godt og brannmannskapa har meldt ifrå om eit omfattande sløkkingsarbeid. Brannen er ikkje under kontroll og aksjonen kjem til å vere langvarig, sa 110-operatør Jan Gunnar Holvik ved 17.40-tida.

I tillegg til brannmanskap, deltok også ei rekkje frivillige i sløkkingsarbeidet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Berle

STORT OMRÅDE: Det brann over eit stort område.

Foto: NRK.no-tipsar

Frå fire stasjonar

Brannvesenet rykte ut frå fire stasjonar: Hauge, Kalvåg, Berle og Davik.

Ei stund var flammane få meter frå hus. Det skal har vore ein del kastevind i omrdådet, noko som har ført til at brannen spreidde seg.

Ifølgje Paul-Ove Berle, som var frivillig med på brannsløkkinga fortel at brannen på det meste var på eit området på ein kvadratkilometer.

– Det har vore eit vanskeleg og uoversiktleg område å jobbe i, seier Berle til NRK.no.

Rundt klokka 12 fekk Alarmsentralen melding om at det skulle brennast bråte på staden. Fire timar seinare fekk sentralen fleire meldingar om at brannen hadde kome ut av kontroll.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.