Hopp til innhold

Skal ha utført falske EU-kontrollar

Ein verkstad i Nordfjord har vedgått at dei har utført falske EU-kontrollar. No vurderer Statens vegvesen å politimelde den tekniske leiaren ved verkstaden.

Bilverksted

KAN BLI POLITIMELDT: Ein teknisk leiar ved ein bilverkstad i Nordfjord kan bli meldt til politiet etter å ha utført falske EU-kontrollar på fleire bilar. (Illustrasjonsbilete)

Foto: KNUT FJELDSTAD / Scanpix

Vegvesenet ser svært alvorleg på saka. Spesielt fordi det kan vere farlege bilar på vegane.

– Det er ein grunn til at desse bilane ikkje har vore gjennom ein vanleg kontroll. Det kan difor tyde på at dette er køyretøy som aldri skulle vore på vegen, seier overingeniør Kristian Andre Sæbø ved tilsynsseksjonen ved Statens vegvesen region Vest.

Fleire nye tilfelle

Ein EU-kontroll skal annakvart år sikre at norske bilar er trygge, men nokre vel å bryte lova når dette skal gjerast.

Over heile landet utfører utru tenarar ved norske verkstadar falske EU-kontrollar. Det vil seie at bilar vert EU-godkjent utan at verkstaden har sjekka om den er trygg eller ikkje i trafikken.

Før jul oppdaga vegvesenet på Vestlandet 15 nye tilfelle. Eitt av tilfella var i Nordfjord.

– Ei alvorleg sak

I Nordfjord var det verkstaden sjølv som oppdaga at ein utru tenar hadde utført fiktive EU-kontrollar.

Verkstaden varsla deretter vegvesenet om at den tekniske leiaren hadde gitt minst fem bilar falsk EU-godkjenning.

Kristian Andre Sæbø

KONTROLLERER: Kristian Andre Sæbø i tilsynsseksjonen i Statens vegvesen seier dei vurderer politimelding.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er veldig alvorleg at ein teknisk leiar utfører slike fiktive EU-kontrollar. Den tekniske leiaren er den medarbeidaren med mest ansvar i verksemda. Han har eit ansvar overfor både vegvesenet og sine eigne tilsette, seier Sæbø.

Ein falsk EU-kontroll vil seie at bilen vert registrert i systemet som kontrollert og godkjent, men samtidig har den kanskje aldri vore innom verkstaden.

– Det er ekstremt uheldig at bilar som ikkje skulle vore det har blitt EU-godkjent, seier Sæbø.

Fleire kan bli politimeld

Den tekniske leiaren ved verkstaden i Nordfjord arbeider ikkje lenger ved verksemda. Han risikerer no å verte politimeld av Statens vegvesen, mellom anna for dokumentfalsk.

– Han har gjort seg skuldig i fleire lovbrot, og vi vurderer politimelding, seier Sæbø.

Bilane som har fått falsk godkjenning vil bli kalla inn til ny kontroll, og også bileigarane kan vente seg reaksjonar.

– Bileigarane kan ha bidrege til ei straffbar handling og vi vurderer difor politimelding av også dei, seier Sæbø.

Heller ikkje verkstaden slepp unna straff frå vegvesenet. Men sidan dei har samarbeidd med vegvesenet i saka vil reaksjonane truleg bli mildare.

I tillegg til at fleire verkstadar utfører falske EU-kontrollar, er det mange verkstadar som blir tatt for å ikkje gjere kontrollen rett.

(Artikkelen held fram under videoen)

EU-kontroll

MANGE FEIL: Mange verkstadar gjer feil når dei utfører EU-kontroll av norske bilar. Nokon avdekker feil som ikkje er feil, andre overser alvorlege feil.

– Dette er grovt

I Sogn og Fjordane Bilbransjeforeining meiner dei politimelding av den tekniske leiaren er på sin plass.

– Dette er ei veldig alvorleg sak. Det er ikkje sikkert bilane dette gjeld er i forskriftsmessig stand, noko som kan føre til både ulukker og mykje anna. Eg synst dette er veldig grovt, seier formann Bjarne Solvang.

Det er første gong vegvesenet har avslørt ei så omfattande sak med falske EU-kontrollar i Sogn og Fjordane.

– Vi fryktar dessverre at mørketala er store, seier Sæbø.

La vekk saka

Vegvesenet politimelde seinare same år mekanikaren som dei mistenkte for å ha utført åtte fiktive EU-kontrollar.

I september 2011, fekk Vegvesenet beskjed om at politiet hadde lagt vekk saka.

– Vegvesenet har fått melding om at saka er lagt vekk frå politiet si side, det med bakgrunn i at det ikkje er noko straffbart forhold, seier Sæbø til NRK.no.