Hopp til innhold

Bønder fortvilar over Tine

Bønder i fylket er fortvila over at Tine vil sende all myse frå Byrkjelo til Jæren.

Tine Byrkjelo

LEGG NED: 25 millionar liter myse skal sendast frå Byrkjelo til Jæren. Det får alvorlege konsekvensar og ekstrautgifter for bøndene.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Grisebonde Per Erik Ulvedal i Stryn droppar no å byggje ny fjøs til ti millionar kroner. Det gjer han fordi nedlegginga på Byrkjelo vil koste han 150.000 kroner ekstra i fôrkostnader.

– Dette var den siste dråpen som fekk glaset til å flyte over, og som kvelva heile prosjektet, seier Ulvedal.

– Store konsekvesar for oss

Myse er eit restprodukt etter osteproduksjon og blir brukt som eit rimeleg tilleggsfor, men no har Tine bestemt seg for at det skal fraktast 500 kilometer ekstra frå Gloppen til eit heilt nytt industrianlegg på Jæren i Rogaland.

Det får store konsekvensar for landbruket i Sogn og Fjordane. Det er svært mange som er avhengige av mysa. Eg hadde sjølv planar om å byggje eit heilt nytt grisehus, men dei planane har eg no lagt på is.

Grisebonde Per Erik Ulvedal

Auka forutgifter på 150.000 kroner i året kjem rett på botnlina og var kroken på døra for fjøsprosjektet.

Grisebonde Per Erik Ulvedal

STOPPAR PLANAR: Grisebonde Per Erik Ulvedal frå Stryn.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Tine trur på god butikk

Myse har vore eit viktig tillegsfôr rundt om på gardane i fleire tiår. Mysa er næringsrikt og gjer at ein slepp anna dyrare fôr.

Fôret flittig brukt særleg av svinebønder og dei som driv med mjølkeproduksjon. Totalt skal 25 millionar liter myse sendast med vogntog til det nye anlegge på Jæren. Meierisjef på Byrkjelo, Thorkild Heieren, meiner det vil vere god butikk.

– Ja, det vil det. Det vil medføre ei styrking av Tine, seier Heierein.

Han meiner det totalt sett ikkje vil verte meir transport på vegane fordi mysa ikkje lenger vil bli frakta rundt til gardar frå meieri rundt om i heile landet.

Varslar kamp

Anders Felde

VARSLAR KAMP: Bondelagsleiar i Gloppen, Anders Felde, varslar kamp.

Foto: Asgeir Reksnes/NRK

På Breim i Gloppen driv lokallagsleiar i bondelaget, Anders Felde, mjølkesamdrift i bakkane ovanfor meieriet på Byrkjelo. Han er overraska over vedtaket.

Truleg frå sommaren 2012 vil tilleggsforet verte frakta heilt til Jæren i staden for å gå til dyra på garden. Ifølgje avisa Fjordingen vil det bety minst 800 vogntog i året gjennom Vestlandet.

– Det kjem som ei stor overrasking. Det er veldig dårleg at dei no vil flytte allereie om 1,5 år. Det kom veldig brått på, seier Felde.

Felde varslar no kamp mot omlegginga. Han fortel at dei bondelag og Tine-medlemmer skal ta tak i dette allereie til helga.

Bondeeigde Tine øydelegg

Bønder i ei hardt pressa næring som alt slit med økonomien er svært oppgitte.

Per Erik Ulvedal måtte onsdag gi beskjed til entreprenøren om at fjøsbygginga ikkje vert noko av. Paradoksalt nok kan det verte bondeeigde Tine som øydelegg for han.

– Eg er desverre redd for at eg kanskje blir den siste generasjonen som driv som bonde på mitt bruk, seier Ulvedal.

Mjølkebil

TINE ØYDELEGG: Paradoksalt nok kan det verte bondeeigde Tine som øydelegg for bøndene.

Foto: Torje Bjellaas / NRK