Hopp til innhold

Kulda gir problem for bøndene

Den lange perioden med sprengkulde har ført til beinfrosne og steinharde rundballar.

Rundballar

BEINHARDT FÔR: Tradisjonelle rundballar kan bli tøff kost for kyr i desse dagar...

Foto: Jon Rokseth

Det kalde vêret har skapt uventa problem for bønder, som på denne tida av året gjerne forer dyra sine med rundballar.

Tek med seg problem frå sommaren

Temperaturane har vore lågare enn normalt for november, og no er mange rundballar ubrukelege til dyrefôr.

- Sist sommar var det så korte periodar med godt vêr, at vi ikkje fekk skikkeleg fortørking på fôret. For dei som no har rundballar, slår det fort ut i frose fôr - og då har du eit problem, seier Per Hilleren.

Kan bli dyrt å tine rundballane

Hilleren er leiar i bondelaget og viser til at mange bønder har fått problem som følgje av kulda.

- Kva kan bøndene gjere?

- Dei må tine rundballane. Men det tek tid før ein kan gje fôret til dyra. Det krev gjerne utstyr, og det kostar også straumutgifter, seier Hilleren.

LES OGSÅ:

Video Rundballefor kan vere skadeleg

SJÅ TV-REPORTASJE: Kulden kan ha gjort rundballefôret kan vere skadeleg.