Hopp til innhold

E16 opna att etter bilberging

Like før klokka 22 onsdag kveld vart E16 over Filefjell opna att etter å ha vore stengt i periodar grunna bilberging.

Bilberging E16 Filefjell

PÅ VEGEN ATT: Like før klokka 22 onsdag kveld kan ein sjå av Statens vegvesen sitt webcamera at også hengaren på vogntoget har kome seg på vegen att.

Foto: Statens vegvesen sitt webcamera

- No er bilen akkurat komme på vegen att, og dette gjekk over all forventning, seier Anders Frydenlund i Viking Lærdal.

Stod i grøfta i fleire timar

Ein gong før klokka 16 onsdag ettermiddag køyrde eit vogntog frå Toten Transport i grøfta like ved Nystuen på E16.

Uhellet skjedde på ei strekning der vegen er smal. Køyretyet blei liggande på sida i grøfta, men var ikkje til hinder for anna trafikk. Føraren av vogntoget skal ikkje ha blitt skadd.

Like før klokka 17 fekk NRK opplyst at Viking var på veg med redningsbil både frå Lærdal og frå Vang.

Ein time seinare arbeidde dei for å måke rundt vogntoget, og ein håpa å starte arbeidet med å få bilen på vegen att like over klokka 19.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog i grøfta på E16

HAMNA I GRØFTA: Litt over klokka 16 såg det slik ut for dei som kikka innom Statens vegvesen sitt webcamera på E16 over Filefjell.

Foto: Statens vegvesen webcamera

Måtte berge eit anna vogntog først

Men fleire bilar fekk problem på vinterføret.

- Vi måtte prioritere å hjelpe eit anna vogntog på vegen att. Det hadde køyrt av vegen litt lenger ned mot Lærdal på eit parti som var ein del smalare. Difor vart berginga av vogntoget ved Nystuen utsett litt, seier Frydenlund til NRK.

Men like før klokka 21 starta arbeidet med å dra bilen på vegen att.

- Vi har vore to mann på kvar vår redningsbil. Den eine bilen drar, medan den andre sikrar vogntoget slik at det ikkje skal kvelve i og med at det ligg så på sida, forklarar Frydenlund.

Ingen skade på verken bil eller førar

Han seier dei brukte om lag 20 minutt på å få opp bilen og 20 minutt på å få opp hengaren.

- Det vil eg seie er svært kort tid.

Verken bilen eller hengaren har fått større skader etter møtet med grøfta.

- Det er faktisk ikkje ein einaste ripe, så køyretyet har landa mjukt i snøen, seier Fryndelund.