Hopp til innhold

I helga var det ti år sidan...

Laurdag var det ti år sidan Kong Harald V opna verdas lengste biltunnel mellom Aurland og Lærdal.

Kongen vinkar under opninga av Lærdalstunnelen.

KONGELEG OPNING: Det er ti år sidan Kong Harald vinka under opninga av Lærdalstunnelen.

Lærdalstunnelen, verdas lengste biltunnel, vart opna med brask og bram 27. november 2000.

Ti år etter, ser aurlendingane at tunnelen dei eigentleg ikkje ville ha, har gjeve ringverknader.

- Det er klart at den har hatt ein stor betydning i høve det å knyte Aurland opp mot fylket vi tilhøyrer, seier ordførar Olav Ellingsen.

Alt var ei dagsreise

Då ordføraren kom til bygda i 1979, kom han til ei bygd utan heilårleg og sikkert vegsamband til kommunane kring. Fylkesveg 243, som går mellom Nyheim og Erdal, var aldri planlagd som heilårsopent vegsamband.

Med berre ein ferjeavgang om dagen, som korresponderte med togavgangen, kunne det bli tungt å komme seg både til og frå den vesle bygda.

- Eg trur nok vi kan seie at vi då i mykje større grad var ein utkant i fylket. Skulle ein til Førde, Leikanger eller Sogndal på møte, så var det ei stor kvie. Det var ei dagsreise, seier ordføraren.

Ny kvardag

Den 24 509 meter lange tunnelen mellom Nyheim i Aurland og Håbakken i Lærdal var siste ledd i eit vintersikkert samband mellom Oslo og Bergen. Men tunnelen fekk også store lokale følgjer og gav aurlendingane ein heilt ny kvardag.

Lærdalstunnelen under bygging

LIKE FØR: Det er like før tunnelen skal opne.

Heile vegprosjektet kosta 1050-millionar kroner i 2000 - noko som gav ein pris på 38 0000 kroner per meter ferdig tunnel. Den tok over etter St. Gotthard-tunnelen i Sveits som verdas lengste tunnel.

Anleggsarbeidet starta 15. mars 1995. Etter gjennomslaget 3. september 1999, vart det storstilt markering og opning ved Håbakken vel eitt år seinare.

- Vi fekk ein ny kvardag med bussar og merkbart betre kommunikasjon inn i fylket. Eg vil nok påstå at den knytte Aurland til Sogn og Fjordane. Det same gjeld også samarbeidet mellom kommunane på sørsida. Det var ikkje alltid like enkelt, seier han.

Ville ikkje ha tunnelen

I ettertid har også Gudvangatunnelen blitt etablert. Den har knytt kommunen endå nærare opp mot Voss-regionen.

Etter at bompengane på Mannhelle-Fodnes forsvann, og før helga Fjærlandsbommen, meiner Ellingsen at koplinga til fjordfylket er blitt endå sterkare.

- Eg trur vi er blitt glad i Læralstunnelen. Men det var ganske sterke krefter i sving for å jobbe for ein tunnel i retning Hallingdal. Motstanden gjekk fort over etter vedtaket, seier Ellingsen.

Positivt for turismen

Lærdalstunnelen

SPESIELL: Blått lys inne i tunnelen gjer den svært spesiell.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Ser ein vekk frå turiststraumen, har ikkje Lærdalstunnelen hatt den heilt store effekten på næringslivet og nyetablering. Det var som venta for ordføraren.

- Det var sikkert ein del som venta at det øvrige næringslivet ville komme dalande med tunnelen. Men det er ikkje slik det fungerer, seier han.

- Det er for turismen den først og fremst har hatt følgjer, legg Ellingsen til.

Såg potensialet

Også Birgitte Sandstrøm ved Fretheim hotell poengterer at kommunen er langt meir tilgjengeleg enn for 11 år sidan. I 2000 var hotellet eit sesonghotell med plass til kring 80 gjester. I dag er det berre stengt i januar, og har plass til 250 gjester.

Hotellet såg potensialet i tunnelen og bygde på same året som Lærdalstunnelen opna.

- Vi har hatt positiv utvikling heile vegen. Lærdalstunnelen opna for nye mogelegheiter, seier ho.

30 prosent auke

I år vil 26 000 gjester ha overnatta på hotellet. Det er likevel eit stykke opp til toppåret 2007 då nær 32 000 gjester overnatta. Sals- og marknadssjef Bengt Hammer i Flåmsbana meiner også å sjå fruktene av tunnelopninga.

- Den er eitt moment for auken vi har opplevd. Dei ti siste åra har trafikken auka med 30 prosent. Så langt i år reknar vi med at kring 545 000 har reist med Flåmsbana. Det er det nest beste året nokosinne, seier Hammer.

- Vi treng eit skilt

Også her skriv rekorden seg frå 2007, då vel 580 000 personar reiste med Flåmsbana.

Jubileumet er ikkje blitt markert lokalt, men ordførar Ellingsen har ein god idé til korleis det kan markerast. No vil han også kontakte kommunen med ideen.

- Vi er mange som har snakka om det; Det hadde vore på sin plass med eit skilt som varslar bilistane om at ein køyrer inn i verdas lengste vegtunnel. Det hadde vore ei grei markering. Ikkje minst i turistsamband, seier han.