Hopp til innhold

Tente 35 000 kroner på ein time

Frode Ness (23) frå Førde sette laurdag ny verdsrekord i SMS-tasting. Det gjorde han 35 000 kroner rikare og gir han plass i Guinnes Rekord-bok.

Frode Ness og Andreas Solbakken

Frode Ness (t.h.) og Andreas Solbakken duellerte i SMS-finalen. Sunnfjordingen viste seg fleire hakk kvassare enn konkurrenten frå sunnmøre.

Foto: Stian Broch

Frode Ness tasta teksten på 34,65 sekund. Det var ei forbetring på to og eit halvt sekund i høve Sonja Kristiansen (22) sin gamle verdsrekord. Stavangerkvinna gjekk ut allereie i semifinalen.

- Eg hadde håpa på det, men dette gjekk langt betre enn eg hadde trudd. Eg er utruleg nøgd, jublar ingeniørstudenten etter laurdagens SMS-NM på Oslo City.

- Veldig grei timeløn

Frode Ness

Slik jublar verdas raskaste SMS-tastar.

Foto: Stian Broch

Til stades var representantar frå Guinnes Rekord-bok. Dei fekk sjå ein sunnfjording i storslag. I løpet av konkurransen sletta han Kristiansen sin verdsrekord to gonger. Sist i den første av tre finaleduellar.

For å ha sett verdsrekorden fekk Ness 25 000 kroner. I tillegg fekk han 10 000 kroner som norgesmeister. Han fekk også eitt års abonnement med Telenor.

- Dette er dei mest lettente pengane eg har tent. Det vart ikkje så slitsomt som eg frykta. Og ei veldig grei timelønn, humrar 23-åringen.

Nervøsiteten forsvann

Ness møtte Andreas Solbakken frå Ålesund i finalen. Sunnmøringen var sjanselaus.

Finaleteksten var på 160 teikn - og gir mellom 300 og 350 tastetrykk:

The razor-toothed piranhas of the genera Serrasalmus and Pygocentrus are the most ferocious freshwater fish in the world. In reality they seldom attack a human.

- Eg var litt nervøs med det same, men i finaleduellane var det meste av nervøsiteten vekke. Ut frå tidene tidlegare såg eg at dei andre hadde mykje dårlegare tid enn meg. Men ein veit jo aldri heilt sikkert, seier Ness.

Roar ned tastinga

Også under kvalifiseringa i Førde sette 23-åringen verdsrekord. Den vart derimot ikkje godkjent som offisiell.

Ness starta med tasting for kring eitt år sidan. I tida før finalane har han øvd opp til ein halvtime om dagen. Dei siste vekene har han derimot kvilt fingrane sine.

- No er det ikkje noko VM, men det passer meg ganske bra. No har eg verdsrekorden. Det skal ikkje bli mykje anna tasting enn med vener framover, ler han.

Til England

Utanlandstur skal det likevel bli. Med 35 000 kroner meir på konto, skal det bli englandstur for å sjå favorittlaget Manchester United. Og det kan bli både ein og to kampar under opphaldet på fotballøya.

- Eg har veldig lyst til England og sjå United. Det skal eg unne meg, gliser han.