Hopp til innhold

Gulen kommune satsar på Wiki

Skriv du flest artiklar om Gulen kommune kan du verte 5000 kroner rikare.

Gulatinget.

TUSENÅRSSTAD: Kanskje kan du verte 5000 kroner rikare om du skriv om Gulatinget og fleire andre attraksjonar i Gulen.

Foto: Svein Ove Hansli / NRK

Gulen kommune har i samarbeid med nettstaden Wikipedia laga ein konkurranse som går ut på å produsere mest mogleg informasjon om kommunen. Det vert berekna poeng utfrå individuelle bidrag på fleire felt.

Konkurransen vert avslutta denne veka og ordførar i Gulen, Trude Brosvik, synes dette er eit spanande prosjekt.

– Vi syns dette er veldig kjekt å få vere med på, for når folk no søkjer på Gulen på nett så kjem det opp ein masse artiklar om oss på Wikipedia, seier Brosvik.

Tre premiar

Den som skriv mest får 5000 kroner. Andre- og tredjeplass vert premiert med 3000 og 2000 kroner.

Wikipedia arrangerar ”Ukens konkurranse” kvar veke og er meint som ein aktivitet for å auke aktiviteten på nettstaden.

Ideen til å få Gulen kommune med i konkurransen kom frå Njål Hansen Wilberg, som driv søketenesta AskAdam ifrå Mjømna i Gulen.

– Vi tenkte det kunne vere kjekt å få Gulen som fyrste kommune inn i denne konkurransen. Det ville kommunen vere med på, og dei var villige til å stille med 10.000 kroner i premiepengar til dei tre beste artiklane, seier Wilberg.

Viktig turistinformasjon

Wilberg som har tett samarbeid med Wikipedia gjennom firmaet sitt vonar no at dei mange artiklane som kjem inn kan gje positive utslag for Gulen kommunen.

– Wikipedia har vist seg å vere ein av dei viktigaste kjeldene turistar orienterar seg i når dei reiser til ein stad. Derfor er det viktig at våre lokale attraksjonar er dokumentert i Wikipedia, fortel Wilberg.

Artiklar med høg kvalitet kan verte plukka opp av andre språkvariantar av Wikipedia, og Wilberg vonar mange av artiklane som kjem inn vert å finne på fleire språk enn norsk. Ordførar Brosvik gler seg over alle artiklane som kjem inn.

Trude Brosvik

ENTUSIASTISK: Trude Brosvik synes dette er eit spanande prosjekt.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Dette er utruleg moro og vi vonar no at alt kommunen har å by på vert meir synleg på nettet.

– Kunne de ikkje gjort dette sjølv da og spart dei 10.000 kronene?

– Det ligg utruleg mykje arbeid i å skrive alle desse tekstane. No vert gjort av andre og det skaper mykje entusiasme. Folk som vil skrive vert nøydde til å bry seg og finne ut meir om Gulen, og det er jo veldig positivt, seier Brosvik.